Baroniet Rosendal
Koordinatar:

Slottet sett frå rosehagen.
Foto: Kjetil Lenes

Slottet i hagen og den raude avlsgården, sett frå Malmangernuten.
Foto: Kjetil Lenes
Baroniet Rosendal er ein herregard som ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune. Herregarden ligg ved enden av Hattebergdalen, mellom fjella Melderskin og Malmangernuten.
Baroniet var det einaste i Noreg, og vert no drive som eit museum. Baroniet vart oppretta i 1678 av kong Kristian V av Danmark-Noreg, men sjølve slottet blei bygd på 1660-talet.[1]
Mannen som stod for bygginga av slottet var dansken Ludvig Rosenkrantz. Han byggde skandinavias minste slott på garden Hatteberg, som var garden han og kona hans, Karen Mowatt, hadde fått i bryllaupsgåve frå far til bruda, Axel Mowatt. Axel Mowatt var på denne tida Noregs nest rikaste mann.
Universitetet i Oslo eig eigedommen.
Referansar |
↑ Bård Skar (11. august 2018). «Historien bak Norges eneste baroni». NRK.
Bakgrunnsstoff |
- Baroniet Rosendal
Vis Baroniet Rosendal i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.