Provinsen Santa Cruz de Tenerife

Provinsen Santa Cruz de Tenerife
Provinsen Santa Cruz de Tenerife eller Provinsen Santa Cruz (spansk Provincia de Santa Cruz de Tenerife) er ein provins i Spania og utgjer den vestlege delen av den autonome regionen Kanariøyane i Atlanterhavet. Han inneheld øyane Tenerife, La Gomera, El Hierro og La Palma, samt Los Roques de Anaga, Salmor og Garachico. Provinsen har eit samla areal på 3381 km².
Provinshovudstaden er Santa Cruz de Tenerife (ofte berre kalla Santa Cruz) på øya Tenerife. Det bur kring ein million innbyggjarar i provinsen og ein fjerdedel bur i provinshouvdstaden. Santa Cruz de Tenerife er òg regionshovudstad i den autonome regionen. Det er 53 kommunar i provinsen.
Det høgaset fjellet i Spania, Teide på 3718 moh, ligg på Tenerife.
Den andre provinsen i øygruppa er provinsen Las Palmas.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Province of Santa Cruz de Tenerife» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.
Provinsar i Spania | ||
---|---|---|
A Coruña / La Coruña · | ![]() |
Koordinatar:
|