Homonymi
Homonymi er ein semantisk relasjon som uttrykkjer at to likelydande språklege uttrykk har ulik tyding (frå gresk omo- lik, onyma namn).
Døme på homonymi er norsk tak, som kan tyde «det å halde fast i noko» eller «stor plåte som lukkar av eit hus eller eit rom oppover», eller bank «stad der det er mogleg å låne pengar, og som ein kan låne pengar til» og «juling».
Homonyme ord har ulik grunntyding, til forskjell frå polysemi.
