St. Anton

St. Anton am Arlberg, 2016

Utsyn mot St. Anton am Arlberg
St. Anton am Arlberg er ein landsby og ein kommune i Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 165,8 km² og har i kring 2 500 ibuarar. St. Anton ligg i ein fjelldal heilt vest i Tirol, på grensa mot Vorarlberg, om lag 100 km vest for Innsbruck.
Landsbyen St. Anton ligg 1284 meter over havet, og er ein av dei mest kjende vintersportstadene i Austerrike. Næringslivet er i all hovedsak basert på turisme, særleg skiturisme. I kommunen er fleire hotell og eit stort alpinanlegg med mange skiheisar. St. Anton har totalt 280 km med alpinløyper. VM i alpine greiner 2001 vart arrangert i kommunen.
Skirennarane Franz Gabl og Karl Schranz er frå St. Anton.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «St. Anton am Arlberg» frå Wikipedia på tysk, den 26. januar 2014.
|