Tebusk
Tebusk |
Vitskapleg namn |
Camellia sinensis (Linné) Kunte |
Synonym: Thea bohea eller Thea viridis |
Utbreiing |
Område: Opphavleg Sør- og Aust-Asia, no i fleire område mellom 43° N og 30° S |
Systematikk |
Rike: Plantae Rekkje: Magnoliophyta Klasse: Magnoliopsida Orden: Ericales Familie: Ericaceae Slekt: Camellia C. sinensis |
Tebusk eller tebuske (Camellia sinensis) er ein plante i kameliaslekta som særleg blir brukt til å laga te av. Plante blir særleg dyrka i Kina og India, og det er tvilsamt om han no finst vilt.
Tebusken kan bli til ein stor busk eller eit lite tre på 3-8 meter, men blir ofte halden under 2 meter for å letta hausting av unge blad. Frøa kan pressast til å laga teolje eller kameliaolje.
Innhaldsliste
1 Skildring
2 Utbreiing
3 Bruk
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Skildring |

Botanisk illustrasjon av tebusk.
Tebusken kan bli opptil 17 meter.[1] Blada kan vera lanse- eller ellipseforma.[2]
Oversida er mørkegrøn og skinande mørkegrøne medan undersida er lysegrøn og ofte hårete.[1] Tebusken frå Assam har breiare, større blad enn den frå Kina.[1] Mange av tebuskane ein dyrkar i dag er hybridar av desse to typane.[2]
Blomane er kvite, med mange gule støvberarar, og duftande. Dei sit åleine, parvis eller i grupper på fire.[1] Fruktene er brun-grøne,[1] og som små nøtter på storleik.[2]
Utbreiing |

Mariko teplantasje i Japan.

Frukt og frø av tebusk.
Tebusk stammar frå subtropiske og fuktige område av austlege Asia, der han veks i veldrenert, gjerne i lett surt jordsmonn.
Planten kan veksa i område med årleg gjennomsnittstemperatur på 16–20 °C, det vil typisk seia mellom 43° nordleg breiddegrad og 30° sørleg breiddegrad, opptil 2500 moh.[3]
Den kinesiske tevarianten, Camellia sinensis var. sinensis, stammar truleg frå vestlege Yunnan i Kina. Den andre varianten, C. sinensis var. assamica, stammar frå varme område i Assam (i noverande India), Burma, Thailand, Kambodsja, Laos, Vietnam og sørlege Kina. Denne planten toler kulde dårlegare enn den kinesiske.[1]
Nesten alle teplantar blir dyrka av menneske. Det finst viltveksande plantar, men desse stammar truleg frå tidlegare tedyrking. I Tanzania og Madagaskar finst det døme på at tebusk har spreidd seg og kan bli invasiv.[1]
Bruk |
Planten er særleg kjend som opphavet til tedrikken, som blir laga av nye skot og blad. Avhengig av måten ein tørker dei på kan ein laga kvit, grøn, svart eller andre typar te. Også kvistane kan brukast til å laga te, kvist-te (kukicha eller bocha). Teplanten har også vore brukt til urtemedisin, til å tyggjast og til sylting. Nokre av innhaldsstoffa i planten er xantin som koffein, som gjev ein oppkvikkande verknad.
I tillegg til å vera ein viktig sosial og stimulerande drikk har te også vore nytta som medisin, særleg innan tradisjonell kinesisk medisin. I Kina har ein brukt teplanten i over 4000 år. Bruken av te spreidde seg slik at på 600-talet dyrka ein truleg te i alle provinsane i Kina. Rundt 600 blei planten innført til Japan av buddhistprestar. Også her spreidde bruken av te seg til alle samfunnslag i løpet av dei neste hundreåra.[1]
Kjelder |
↑ 1,01,11,21,31,41,51,61,7 Camellia sinensis (tea), Royal Botanic Gardens, Kew
↑ 2,02,12,2 Camellia sinensis, in pursuit of tea
↑ «Te», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 16. mai 2015
Bakgrunnsstoff |
Camellia sinensis ved Purdue University
Te | |
---|---|
Svart te | Assam · bohea · darjeeling · dian hong ·keemun · lapsang souchong · nepalsk · nilgiri · orange pekoe · raud (svart) te · tibetansk · yingdehong |
Oolong | Baijiguan · dahongpao · Darjeeling-oolong · dongding · dong fang mei ren · huangjin gui |
Grøn te | Aracha · bancha · bi luo chun · chunmee · da fang · genmaicha · guapian · gunpowder · gyokuro · hojicha · houkui · huang shan mao feng · kabusecha · kamairicha · Konacha · Kukicha · longjing · matcha · mao jian · mecha · meng ding gan lu · zencha · zhincha · tamaryokucha |
Kvit te | bai hao yinzhen · bai mu dan ·Kvit darjeelingte · shou mei · báimáohóu |
Gul te | Junshan yinzhen · huoshan huangya |
Post-fermentert te | Pu-erh |
Blanda og smakstilsett te | Earl Grey · English Breakfast · Irish Breakfast · krydra te · Russian Caravan · sjasminte |
Tekultur | Britisk · kinesisk · Hong Kong · indisk · japansk · koreansk · marokkansk · Nepalsk · russisk · Taiwanese ·Sri Lanka · tyrkisk · vietnamesisk |
Tedrikkar | Boblete · smørte · iste ·lei cha ·Jagertee ·sweet tea · Teh tarik · teh botol · seven-layer tea |
Anna | Tebusk (Camellia sinensis) · tepose · tekanne · tedrikking · glashaldar · helseeffekt · teproduksjon · samovar · tekloss · tehage · tehus · tesmaking |