Trondheim katolske stift

Våpen for Trondheim Stift
Trondheim katolske stift eller Trondheim Stift – Midt-Norge er eit katolsk prelatur med sete i Trondheim. Det er leia av ein biskop, men har ikkje status som bispedøme. Av di meininga med nemninga «prelatur» er ukjend for dei fleste i Noreg, vart nemninga «stift» valt i staden.

St. Olav kirke i Trondheim, vigsla i 1973, er domkyrkje for Trondheim katolske stift.
Stiftet femnar om dei som er medlemar av den romersk-katolske kyrkja i fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. I sør grensar stiftet til Oslo katolske bispedømme, i nord til Tromsø katolske stift med sete i Tromsø. Sokna i Trondheim katolske stift er Trondheim, Kristiansund, Levanger, Molde, Ålesund.
Bakgrunnsstoff |
Internettsidene til Trondheim katolske stift
|