Forsyningsdepartementet
Forsyningsdepartementet var eit norsk departement som blei etablert i 1939 og eksisterte fram til 1950:
- 1939-1942: Forsyningsdepartementet
- 1942-1950: Forsynings- og gjenreisingsdepartementet
Departementet foretok rasjonering av varer under og etter den andre verdskrigen, og utferda mellom anna rasjoneringskort gjennom Direktoratet for proviantering og rasjonering.
På 1950-talet var det framleis rasjonering av somme varer, men departementet blei lagt ned og oppgåvene integrert i andre departement.
