Jo Benkow































Jo Benkow
Jo Benkow (bilde 01).JPG

Fødd
15. august 1924
Trondheim
Død
18. mai 2013
Oslo
Nasjonalitet Noreg
Parti Høgre
Yrke
politikar, fotograf, kjøpmann
Ektefelle Annelise Høegh

Jo Benkow, eigentleg José Elias Benkowitz (15. august 1924–18. mai 2013) var ein norsk politikar for Høgre og stortingspresident. Han var stortingsrepresentant for Akershus Høgre i (1965–93), formann i Høgre (1980–84), formann i Høgre si stortingsgruppe (1981–85) og stortingspresident (1985–93).



Biografi |


Jo Benkow var fødd i Trondheim. Familien flytta i barndommen hans til Bærum, der han voks opp. I 1942 flykta han først til Sverige og deretter til Storbritannia for å sleppa unna nazistane sine jødeforfølgingar.


Etter at han vende attende til Noreg då krigen var slutt, arbeidde han som fotograf, eit yrke også far og bestefar hans hadde. Han heldt ei sterk interesse for fotografi, og vart jamleg invitert til å opna fotoutstillingar og som æresgjest på andre tilstellingar innan fotobransjen.


Han skreiv også nokre bøker, mellom anna Fra synagogen til Løvebakken (1985), Olav - menneske og monark (1991) og Hundre år med konge og folk (1998).


Etter sin siste periode på Stortinget var Benkow ein etterspurd foredragshaldar i mange samanhengar, særskilt i høve til tema som dreier seg om Midt-Austen og antisemittisme.


I 1999 kom han med i styret for Treffpunkt, ei nettavis for eldre, som vart etablert av NRK-veteranen Per Øyvind Heradstveit.


Det vekte oppsikt då han gjekk til åtak på tidlegare statsminister og partifelag Kåre Willoch for å vera «den mest partiske person i landet» i samband med Willoch sitt engasjement for palestinarane.


Benkow var president i Den internasjonale Helsingforsføderasjonen, og i Sakharovs Fridomsfond.



Prisar og utmerkingar |



  • I 1985 vann han Bokhandlarprisen for Fra synagogen til Løvebakken

  • I 1998 vart han i tillegg utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden.













Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

Olav Thon

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?