Dei fem K-ane i sikhismen
Tre av dei fem K-ane: Kangha (kam), kara (armband) og kirpan (kniv).
Dei fem K-ane (panjabi pañj kakke) er fem ting sikhar alltid har med eller på seg.[1]
Dei fem K-ane er: Kesj (uklipt hår), kaṛa (stålarmband), kangha (kam), katjha (underbrok) og kirpán (sabel eller dolk).
Dei blir brukte av mannlege og kvinneleg sikhar som har gått inn i khalsaen.[1]
Dei fem K-ane er ikkje berre symbol. Guru Gobind Singh gav ordre til etterfylgjarane sine om å bere dei fem K-ane, så dei aktivt kunne bruke dei for å gjere ein forskjell i deira eigen og andre sin spiritualitet.[treng kjelde]
Kjelder |
↑ 1,01,1 Bowker, John (2000). «Five Ks». The Concise Oxford Dictionary of World Religions. Oxford University Press.
