Haukeland universitetssjukehus
Koordinatar:

Sentralblokka Haukeland universitetssjukehus frå sør

Laboratoriebygget midt i biletet. Sentralblokka til høgre. Bygg for biologiske basalfag til venstre. Apotek/Verkstedbygg nedst.
Barneklinikken
Gamle Hovedbygg
Kvinneklinikken
Administrasjonsbygget
Gamle Gades
Haukeland hotell ved Haukeland universitetssjukehus
Parkbygget (Kreftavdeling)
Haukeland universitetssjukehus er eit sjukehus i Årstad bydel i Bergen kommune.
Tidlegare heitte sjukehuset Haukeland Sykehus og var ein av elleve institusjonar som vart slått saman til Helse Bergen HF gjennom sjukehusreforma i 2002. I dag er Helse Bergen HF den juridiske nemninga på føretaket, medan namnet Haukeland universitetssjukehus blir brukt om alle einingar i alle samanhengar som har med pasientbehandling å gjere.
Haukeland universitetssjukehus har ansvar for spesialisthelsetenesta i Bergen og 22 nabokommunar i Midthordland, Nordhordland, Voss og delar av Hardanger.
Innhaldsliste
1 Oppgåver
2 Historie
3 Kjelde
4 Bakgrunnsstoff
Oppgåver |
I tillegg til pasientbehandling, blir det drive ei omfattande forskings- og undervisningsverksemd ved sjukehuset. Haukeland universitetssjukehus har Norges nest største medisinske forskingsmiljø, berre Oslo universitetssykehus har større forskingsaktivitet innan medisin- og helsefag. Haukeland har ei rekkje kompetansesenter og spesialfunksjonar på både nasjonalt og regionalt plan.
Om lag to tusen studentar har kvart år delar av utdanninga si på sjukehuset.
Historie |
Haukeland universitetssjukehus ligg i bydelen Årstad i Bergen kommune, på området til gamle Haukeland gård. Det som den gongen heitte Haukeland sykehus var ei vidareføring av Bergen kommunale sykehus frå 1754 på Engen i Bergen. Haukeland gård vart kjøpt av Bergen kommune i 1897. Victor Nordan var arkitekt og 2. januar 1912 opna Haukeland sykehus dørene for dei første pasientane. Frå 17. januar same år var det nye sjukehuset i full drift.
Haukeland var den gongen eit lokalsjukehus for Bergen og det var kampen mot infeksjonane som hadde hovudfokus. I opningsåret behandla Epidemisk avdeling heile 1012 difteripasientar.
Sjukehusområdet har heile tida blitt bygd ut, endra og bygd om. I nyare tid vart den største utbygginga gjort i perioden 1971 til 1983, då Sentralblokken på 125 000 kvadratmeter vart oppført.
Dei seinare åra har blant anna Haukeland hotell, Laboratoriebygget og Parkbygget kome til. I 2020 skal Haukeland universitetssjukehus sitt nye barne- og ungdomssenter stå ferdig.
Kjelde |
- Denne artikkelen er omsett frå «Haukeland Universitetssykehus» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2012.
- Artikkelen viser til fylgjande kjelde: Janssen, Carl W.; Haukeland sykehus, en medisinsk hjørnestein siden 1912, Bergen 2001, ISBN 82-514-0624-2
Bakgrunnsstoff |
- Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
- Store Norske Leksikon om Haukeland universitetssjukehus
- Haukeland på Facebook
- Haukeland på twitter
- Foto: Haukeland på Flickr
|