Innertavle
Koordinatar:

Innertavle
Innertavle er ein svensk tettstad i Umeå kommun i Västerbottens län i landskapet Västerbotten. I 2005 hadde tettstaden 549 innbyggjarar. Innertavle ligg mellom Tomtebo og Täfteå, cirka ti kilometer sør for Umeå.
Det er opphavleg ei jordbruksbygd som inntil 1970-/1980-talet var særs tynt folkesett. Dei siste åra er staden utbygd, og i dag har staden over 500 innbyggjarar.
Innertavle har kyrkje, bygdegård og eigen barneskule (1. til 4. trinn). Dei eldre barna pendlar til skuler i Umeå. Både Innertavle og nabobygden Yttertavle har fått namn frå Tavelån, elva som renn gjennom Innertavle og forbi Yttertavle.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Innertavle» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2012.
Bakgrunnsstoff |
- Innertavle.se (lokalt nettsted)
- Satellittkart over Innertavle og området rundt