Kristiansund Ballklubb











































Kristiansund BK
Fullt namn Kristiansund Ballklubb
Kallenamn KBK, Uglan
Grunnlagd
2. september 2003
Heimebane
Idrettsplassen
(kapasitet: 1200)
Styreleiar Terje Wiik
Hovudtrenar Geir Bakke
Supporterklubb Uglan
Liga OBOS-ligaen

















Heimedrakt














Bortedrakt



Soccerball current event.svgNoverande sesong

Kristiansund Ballklubb (stifta 2. september 2003) er ein norsk fotballklubb frå Kristiansund. Laget vart skipa hausten 2003 etter initiativ frå SpareBank1 Nordvest, og er ei samanslåing på A-lagsnivå av Kristiansund Fotballklubb og Clausenengen Fotballklubb.


Klubben spelar denne sesongen i OBOS-ligaen. Noverande hovudtrenar er Geir Bakke.


Klubben starta sin første sesong, 2004-sesongen, i 3. divisjon. I 2005-sesongen rykte KBK opp til andredivisjon etter å ha slått Volda 4-2 samanlagt i kvalifiseringa. I 2012-sesongen rykte KBK opp til 1. divisjon, etter å ha tapt berre to kampar - begge etter at opprykka var sikra.


KBKs supporterklubb heiter Uglan og vart stifta i 2006.




Innhaldsliste






  • 1 Historikk


    • 1.1 Samarbeidsklubben blir til


    • 1.2 Ligaplasseringar


    • 1.3 Noregmeisterskapshistorie




  • 2 Rekordar og utmerkingar


    • 2.1 Årets KBK-spelar


    • 2.2 Toppscorarar


    • 2.3 Rekordar




  • 3 Heimebane


  • 4 Samarbeidsklubbar


  • 5 Trenarar


  • 6 Sjå òg


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Historikk |



Kristiansunds Tor Erik Torske i aksjon mot Rosenborg i NM 2008



Samarbeidsklubben blir til |


Kristiansund Ballklubb vart etablert hausten 2003 etter initiativ frå SpareBank1 Nordvest.


Kristiansund har i snart 100 år hatt mange fotballklubbar som har medverka til ei stor fotballinteresse i byen og regionen omkring. Ein kan nemne dagens aktuelle lag i alfabetisk rekkefølgje Braatt, Clausenengen, Dahle, Goma, Kristiansund FK, Nordlandet og Frei. I einskilde tidlegare periodar har nokre av laga nærma seg nasjonalt toppnivå, men det har vore vanskeleg for nokre av laga å etablere seg der. I hovudsak har dette kome av stadig sterkare nasjonal konkurranse, men for Kristiansunds lag har nok konkurransen på den lokale arenaen vore det som i første rekkja hindra framgang. Det har med andre ord vorte klårare at utan samarbeide lokalt vil nasjonal satsing vore særs vanskeleg.


Trass i denne situasjonen har laga gjennom sine mange trenarar og leiarar i yngre avdelingar bevist at det er nok av talent. Gjennom alle tider har kristiansundarar greidd å etablere seg på Noregs A-landslag – frå Magnar Isaksen på bronselaget i 1936 og fram til Ole Gunnar Solskjær, Øyvind Leonhardsen og Trond Andersen. Mange andre kunne òg bli nemnt i denne samanhengen.


Dette har òg vore bakgrunnen til at det i dei siste 20 – 30 åra har vore fleire gode forsøk på å slå ressursane saman – i første rekkja på A-lagsnivå. Som følgje av den sterke klubbkjensla/identiteten som alle klubbane har bygd opp gjennom lang tid, har dette stoppa dei fleste forsøka. I løpet av 2002 og 2003 følte ein at behovet for felles satsing vart sterkare enn nokon gong tidlegare, ikkje minst som følgje av fleire år med svake sportslege resultat i regionen.


Sjølve gjennombrotet skjedde då Sparebank1 Nordvest presenterte bidraget sitt til ei slik strategiendring. Under føresetnad av at dei to leiande klubbane i byen, CFK og KFK, samarbeidde om ein felles satsing på toppfotball la dei på bordet kr 750 000 i året i tre år, totalt Kr 2,25 millionar,- pluss at dei ville stille fagkompetanse til disposisjon. Dette var noko klubbane vanskeleg kunne seie nei til og prosessen var dermed endeleg i gang. Engasjerte representantar frå dei to klubbane opplevde òg at ein no kunne rekruttere personar til dei fleste jobbane i ein ny klubb så vel frå andre klubbar som frå næringslivet generelt. Ein opplevde det slik at for dette formålet ynskte alle å bidra.


Klubben spelte første gongen i 2. divisjon i 2006, og første gong i Adeccoligaen 2013.


Klubben sin moglegvis største bragd hittil var då dei slo ut Rosenborg i andre runde av cupen, 7. mai 2008, etter å ha vunne på straffar 4-1, då det stod 1-1 etter full tid og ekstraomgangar.



Ligaplasseringar |







































































































































Sesong Divisjon Plassering V U T Mål for Mål mot Poeng Spesielle hendingar
2004 3. divisjon avd. 18 2. plass 15 4 3 81 21 49
2005 3. divisjon avd. 18 1. plass 18 2 2 87 23 56 Opprykk
2006 2. divisjon avd. 2 7. plass 11 5 10 44 33 38
2007 2. divisjon avd. 2 femteplass 14 6 6 57 35 48
2008 2. divisjon avd. 2 fjerdeplass 14 2 10 56 32 44
2009 2. divisjon avd. 2 tredjeplass 14 4 8 54 37 46
2010 2. divisjon avd. 2 2. plass 17 4 5 60 35 55
2011 2. divisjon avd. 2 2. plass 15 3 6 55 29 48
2012 2. divisjon avd. 2 1. plass 22 2 2 77 18 68 Opprykk
2013 1. divisjon


Noregmeisterskapshistorie |



  • 2004: Slått ut i kvalifiseringsrunden av Orkla.

  • 2005: Slått ut i kvalifiseringsrunden av Averøykameratene.

  • 2006: Slått ut i 1. runde av KIL/Hemne.

  • 2007: Slått ut i 2. runde av Manglerud Star.

  • 2008: Slått ut i 3. runde av Molde (slo ut Rosenborg i 2. runde).

  • 2009: Slått ut i 2. runde av Aalesunds Fotballklubb

  • 2010: Slått ut i 2. runde av Ranheim Fotball



Rekordar og utmerkingar |



Årets KBK-spelar |































År
Namn
2004
Marius Nordli
2005
Bjørnar Bugge
2006
Roger Berntzen
2007

Simon Dogan
2008
Av KBK: Tor Erik Torske. Av Uglan: Simon Dogan
2009
Av KBK: John Erik Klinge. Av Uglan: John Erik Klinge


Toppscorarar |
















































År
Namn
Mål
2005
Bjørnar Bugge
30
2006
Einar Olav Brakstad og Stig Arild Råket
7
2007

Kris Bright
12
2008

Kris Bright
12
2009

Mamadou Diagne Latyr
15
2010

Tor Erik Torske
14
2011

Tor Erik Torske
15
2012

Didrik Fløtre
14


Rekordar |



  • Største heimesiger: 14-0 mot Åndalsnes, 10. september 2005 i 3. divisjon.

  • Største bortesiger: 9-1 mot Halsa/Valsøyfjord, 5. juni 2004 i 3. divisjon.

  • Største heimetap: 0-4 mot Rosenborg 2, 29. august 2006 i 2. divisjon.

  • Største bortetap: 0-3 mot Steinkjer, 7. oktober 2006 i 2. divisjon.

  • Tilskodarrekord: ca. 3000, Omsundet kunstgressbane, heime mot Rosenborg 7. juni 2008, 2. runde i cupen.

  • Høgaste tilskodarsnitt: ukjent

  • Flest kampar, totalt: Roger Berntzen, 152 kampar

  • Flest kampar i serien: Ukjent

  • Flest mål totalt: Tor Erik Torske, 63 mål

  • Flest mål i serien: Ukjent

  • Flest mål i ein kamp: Christopher Michelsen (KBK - Bud 10-0, 2004) - 5 mål. Bjørnar Bugge (KBK - Elnesvågen 7-1, 2005) - 5 mål. Didrik Fløtre (Buvik - KBK 1-6, 2012) - 5 mål.



Heimebane |


Kristiansund BK sin heimebane er Idrettsplassen, noko han har vore frå og med 26. juli 2008. Klubbens første heimebane var Atlanten stadion, og var heimebanen frem til klubben byrja å spele på Omsundet kunstgressbane i 2007. Frå Omsundet gjekk vegen så vidare til dagens heimebane, Idrettsplassen, som ligg midt i sentrum av Kristiansund. Klubben nytta òg Gressbanen frå tid til anna når dei hadde Atlanten som heimebane, sidan Atlanten ikkje alltid var optimal for kampar.


Årsaka til at klubben gjekk bort frå å bruke Atlanten var at det var eit dårleg banedekke der, og ein nedsliten stadion. På Omsundet var det ein bra kunstgrasbane som stod ledig, og klubben byrja å spele der i mangel på noko betre. Kristiansund BK var likevel ikkje helt nøgd med Omsundet kunstgressbane, då han ligg på Frei, omtrent éi mil frå Kristiansund sentrum. Kristiansund kommune fekk sett i stand gamle Idrett, som var nedsliten, til ein godkjent kunstgrasbane. Dette medførte at KBK no spelar på sin tredje heimebane i løpet av den korte historia si.


Med opprykk til 1. divisjon følgjer nye krav til anlegg, og sidan Idrettsplassen ligg i eit tettbygd strøk i sentrum av byen, så er det dårlege høve for utviding og oppgradering av anlegget og fasilitetar som generelt er av dårleg og gammal kvalitet. Derfor så starta klubben i 2013 med å bygge ein ny stadion på Kvennbergmyran ved Kristiansund lufthamn, Kvernberget. Etter planen så skal det nye stadionet stå ferdig til seriestart i 2014, og vil vere eigd av klubben sjølv. For 2013-sesongen så vert Idrettsplassen brukt under dispensasjon frå Noregs Fotballforbund.



Samarbeidsklubbar |


KBK vart starta som ei samanslåing på A-lagsnivå av Kristiansund FK og Clausenengen, men har etter dette oppretta samarbeid med fleire klubbar i Kristiansundsregionen. Samarbeidsklubbane til KBK er pr. dags dato:



  • Clausenengen

  • Dahle

  • Frei

  • Kristiansund FK

  • Nordlandet

  • Molde



Trenarar |


Oversikten viser KBK sine trenarar etter etableringa av klubben, hausten 2003.



























Trener Periode
Erik Brakstad 2004–2005
Ole Gunnar Iversen 2006
Geir Midtsian 2007–2011
Erling Moe 2011
Geir Bakke 2012–


Sjå òg |



  • Kristiansund Fotballklubb

  • Clausenengen Fotballklubb



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Kristiansund Ballklubb» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2013.



Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad


  • Uglan – Supporterklubb


Mal:OBOS-ligaen 2019







Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?