Sportsklubben Træff































Træff
Fullt namn Sportsklubben Træff
Grunnlagd
1. oktober 1924
Heimebane Reknesbanen
Hovudtrenar Erik Brakstad
Liga 2. divisjon fotball for menn

















Heimedrakt














Bortedrakt



Soccerball current event.svgNoverande sesong

Sportsklubben Træff er eit idrettslag frå Molde, hovudsakleg med tilhald i vestlege delar av byen. Klubben spelar denne sesongen i 2. divisjon fotball for menn.


Damelaget til klubben har dei siste åra spelt i 2. divisjon. Klubben driv stor aktivitet for jente og damefotball, mellom anna spelarutviklingstiltak i regionen, samt treningsgruppa ved toppidrettsklassen (damer) ved Molde videregående skole.


Klubben vart stifta 1. oktober 1924 og driv i dag med fotball og handball, der dei fram til nyleg har stilt lag i førstedivisjon i handball for kvinner og tredjedivisjon for menn. Tidlegare dreiv klubben òg med ski og sykkel. Klubbfargane er kvite trøyer, grønne bukser og kvite strømper. Klubben har ca. 1000 medlemmar, og er den nest største klubben i Molde.


Træff har bygd hallen Træffhuset for handball, klatring og fotball like ved Reknesbanen nordvest for Molde sentrum.



Spelarar med bakgrunn i Træff |



  • Christian Gauseth

  • Fredrik Solberg

  • Tina Wulf Eikeland

  • Tommy Eide Møster

  • Kai Røberg

  • Bernt Hulsker

  • Simon Markeng

  • Jahn Ove Wiik

  • Øyvind Gram



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Sportsklubben Træff» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juni 2013.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:








Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad

















Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?