Kvitsjøen

Kart over Kvitsjøen

To satellittbilete av Kvitsjøen
Kvitsjøen (russisk Белое море, Beloje More; finsk Vienanmeri) er ei bukt i Barentshavet på nordvestkysten av Russland. Ho er omgjeve av Karelia i vest, Kolahalvøya i nord og Kaninhalvøya i nordaust.
Hamnebyen Arkhangelsk ligg ved Kvitsjøen. Gjennom store delar av russisk historie har dette vore det største senteret for internasjonal sjøhandel i Russland, utført av dei såkalla pomorane frå Kholmogory. I moderne tider har området vore ein viktig sovjetisk marine- og ubåtbase. Kvitsjø-Austersjø-kanalen går frå Kvitsjøen til Austersjøen.
Heile Kvitsjøen er under russisk kontroll og vert rekna som russisk indre farvatn.
Det er fire store bukter i Kvitsjøen. Frå vest til aust er desse Kandalakshabukta, Onegabukta, Dvinabukta og Mezenbukta.
Øyar |
Det er særs mange øyar i Kvitsjøen, men dei fleste av dei er små. Den største øygruppa i Kvitsjøen er Solovetskijøyane, som ligg nesten midt i området. Kijøya i Onegabukta er historisk viktig på grunn av klosteret som står her. Velikijøya, som ligg nær kysten, er den største øya i Kandalakshabukta.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «White Sea» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Plassering
Bakgrunnsstoff |
- Portrait of the Whitehavet offered by the Baltichavet Portal

Koordinatar:
|