Litlos
Koordinatar:


Litlos er ei turisthytte som ligg nord for Litlosvatn på Hardangervidda, i Ullensvang herad i Hordaland fylke. Hytta ligg om lag 1180 m.o.h., og er eigd av Den Norske Turistforening. Litlos er som regel betjent rundt påske, og i sommarsesongen. Resten av året er ho sjølvbetjent.
Litlos er ein gamal støl for gardane Meland og Brattespe på austsida av Sørfjorden i Ullensvang. Det vart bygt DNT-hytte her i 1922. I 1927 vart hytta betjent, og i 1969 vart hytta utvida og påbygt. Noverande styrar er Jarle Viskjer frå Skare i Odda.
Den lettaste måten å koma seg til Litlos på er å køyra frå Røldal inn Valldalen til Middalsbu. Derifrå er det om lag 7 timar å gå til Litlos.
Frå Litlos er det mogleg å gå til både Hellevassbu, Tyssevassbu, Sandhaug, Besso, Hadlaskard og Torehytta.
Kjelder |
- Store Norske Leksikon om Litlos.
- DNT om Litlos.
- Litlos sine internettsider.
- Vêrvarsel for Litlos på yr.no