Bergkunst

Helleristing i Canada.
Bergkunst er eit arkeologisk omgrep brukt om symbol og bilete som er blitt måla, rissa eller skore ut i steinar, fjell eller berggrunn, som regel i førhistorisk tid.
Helleristingar er ei form av kunsten der figurar er skorne ut i berget, og er den vanlegaste forma for bergkunst i Skandinavia. Bergkunst kan òg finnast i fjellholer, som holemåleri.

I helleristingsområdet i Alta kan ein mellom anna sjå ein mann som fiskar. I Noreg er det vanleg å måla opp helleristingar med raudmåling.
Bergkunst er ein svært viktig historisk kjelde til korleis menneska levde i førhistorisk tid, særleg i steinalderen, som det finst få andre kulturlevningar frå. Ein kan til dømes lesa mykje om viktige matvegar, som jakt og fiske, ut frå kunsten. På den andre sida er det vanskeleg å vita kvifor kunsten er der–blei han laga for å hugsa, underhalda, utføra magi eller i samband med rituelle handlingar?
Kjende bergkunststader |
Holemåleria i Lascaux i Frankrike står på UNESCO si verdsarvliste. Det same gjer helleristingsområdet i Alta.
Bakgrunnsstoff |

- Bergkunst.net
- Truga bergkunst i Norge
Om vern av bergkunst ved Tromsø museum
- Levande bergkunst i Mosambik
- Riksantikvaren om bergkunst
Litteratur |
Gro Mandt og Trond Lødøen: Bergkunst : helleristningar i Noreg, Oslo Det Norske Samlaget 2005 ISBN 82-521-6227-4
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.