Liv og Livtrase

Liv og Livtrase, teikna av Lorenz Frølich
Liv og Livtrase (norrønt Líf og Lífþrasir) er namnet på dei to menneska som skal overleva Ragnarok i norrøn gudetru. Liv er namnet på mannen i dette paret, medan Livtrase er kona hans.
Etter det store gudeslaget søker dei to ly i Hoddmimeholtet, der det einaste dei har å leva på er morgondoggen. Dei overlever både eldstormen som herjar verda, og den lange, kalde Fimbulvinteren. Frå dei skal menneskeslekta i den nye verda koma.