C-vitamin

Modell av askorbinsyremolekylet. Svart er karbon, raudt er oksygen og kvitt er hydrogen
C-vitamin, også kjent som askorbinsyre og L-askorbinsyre, er eit vassløyseleg vitamin og ein antioksidant.
Det er ei svak syre med kjemisk formel C6H8O6{displaystyle C_{6}H_{8}O_{6}}. Det er L-enantiomeren som verkar som eit vitamin. D-enantiomeren har ikkje biologisk aktivitet. Enantiomerane inneheld dei same atoma og er spegelbilete av kvarandre.
Vitaminet er nødvendig for regulering av jernopptak og feittforbrenning. Det har òg mange andre funksjonar i kroppen. Dagsbehovet er 60 mg, men mange meiner at ein bør ta langt større dosar. Skjørbuk skuldast mangel på C-vitamin.
Førekomst og bruk |
C-vitamin finst i bær, frukt og grønsaker som kiwi, sitrusfrukter og potet.
Askorbinsyre har E-nummer 300, og vert nytta som tilsetjingsstoff i matvarer (t.d. mjøl) for at dei betre skal tola lagring.
Bakgrunnsstoff |

Lommelegen om C-vitamin
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.