Humor

«The professional humorists' club». Vitseteikning frå 1914 av Rea Irvin som viser ein klubb av nedtrykte humoristar.
Humor er noko som verker komisk, det vil seie får nokon til å le eller smila. Ein kan sjå humoren i situasjonar, forteljingar, lyd- og synsinntrykk og liknande, og med dette hevda å ha ein humoristisk sans. Kva ein finn humoristisk varierer mellom personar, kulturar og tradisjonar. Humor kan brukast som underhaldning, til å skapa samhald innan ei gruppe, til å auka lukkekjensla eller hanskast med vanskelege opplevingar, men det kan også brukast til mobbing og utestenging.
Ordet «humor» er i slekt med «humør», og stammar frå det latinske for væske. Det er knytt til den gamle greske og mellomalderske teorien om humoralpatologi som sa at sinnsstemningar kunne sporast til væskebalansar i kroppen. Ein person som driv med humor kan kalla seg humorist, komikar eller klovn.
Innhaldsliste
1 Humoristiske sjangrar
2 Humoristiske verkemiddel
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Humoristiske sjangrar |
- Farse
- Gapstrek
- Komedie
- Sketsj
- Skjemteeventyr
- Skrøne
- Stand-up
- Vits
- Vitseteikning
Humoristiske verkemiddel |
- Absurditet
- Ironi
- Ordspel
- Overrasking
- Overdriving
- Parodi
- Satire
- Slapstick
- Tabubrot
Kjelder |
humor i Bokmåls- og Nynorskordboka
«humor» (27.02.2013) i Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff |


|