Emme
Koordinatar:
| Emme | |
| elv | |
Emme nær Schüpbach. | |
| Land | |
|---|---|
| Kanton | Bern |
| Nedslagsfelt | 983 km² |
| Lengd | 80 km |
| Vassføring | |
| - middel | 20 m³/s |
| - maks | 500 m³/s |
| Kjelde | mellom Hohgant og Augstmatthorn |
| Munning | Aare |
| - stad | nedanfor Solothurn |
| - koordinatar | |
Wikimedia Commons: Emme | |
Emme er ei elv i Sveits. Ho spring ut i Alpane mellom fjella Hohgant og Augstmatthorn i kantonen Bern. Emme er 80 kilometer lang og renn gjennom Emmental og ut i Aare nedanfor Solothurn. Nedslagsfeltet er 983 km². Middelvassføringa ved munningen er kring 20 kubikkmeter per sekund og den maksimale vassføringa kan vere opp mot 500 kubikkmeter per sekund.
Emme er kjend for brå endringar i vassføringa. Forteljinga Die Wassernot im Emmental (Flaumen i Emmental) av Jeremias Gotthelf skildrar ein av dei mest kjende flaumane, som skjedde 13. august 1837. Denne og andre flaumar gjorde at det vart bygd mange kanalar og demningar på 1800-talet.
Sideelvane til Emme er Ilfis og Limpach.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Emme (river)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2012.
|