Fritt fall

Scott utfører eit eksperiment under månelandinga Apollo 15.
Fritt fall er rørsle der tyngdekrafta står for all akselerasjon.
Når ein gjenstand A berre er påverka av tyngdekrafta frå ein gjenstand B, seier ein at gjenstand A fell fritt i tyngdefeltet til B. Då har A ein akselerasjon lik tyngdeakselerasjonen i feltet til B. Denne akselerasjonen er også lik gravitasjonsfeltstyrken.
a=g=(γ∗M)/r2{displaystyle a=g=(gamma *M)/r^{2}}
der M er massen til B og r er avstanden mellom tyngdepunkta til A og B.
Nær havoverflata på jorda, har g gjennomsnittsverdien g=9,80665{displaystyle g=9,80665}. Denne kan reknast ut numerisk ved å finne integralet av ein harmonisk varierande funksjon for g med breiddegrad som uavhengig variabel, og dele på 180°.
Sjølv om definisjonen ekskluderer andre krefter som luftmotstand, nyttast også uttrykket fritt fall om fall gjennom ein atmosfære. I fallskjermhopping og BASE-hopping vert aktiviteten mellom utsprang og skjermopning kalla «frittfall».