Akvarium






Frå eit akvarium i Monaco


Eit akvarium er ein gjennomsiktig glastank med vatn og levande dyr og/eller plantar i, vanlegvis fisk. Omgrepet vert òg nytta om bygningar med mange akvarier i, t.d. Akvariet i Bergen og Akvariet i Ålesund.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Private akvarium


  • 3 Offentlege akvarium


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Historie |


Akvarietradisjonen stammar sannsynlegvis frå den tradisjonelle japanske karpeoppdretten, som spreidde seg til Europa via munkar. Det var i Kina akvaria tok steget inn i private heimar, der det var vanleg med enkle vassbehaldarar med paradisfisk i husa til rike folk. I moderne tid har hobbien utvikla seg til eit folkefenomen, og per i dag kan alle heimar med innlagd straum og vatn få seg vakre og spanande undervatnsmiljø frå kvar som helst i verda.



Private akvarium |


I private heimar vert akvarium gjerne innreidd med undervassplantar og tropisk fisk, som regel med eit botnlag av grus og/eller sand. Stein, røter og diverse pyntegjenstandar er òg vanleg. Dei fleste akvarier har òg eit system av filter, termostatar, luftinnsprøytarar, kraftige lys og liknande for å halda innbyggjarane friske og raske.



Offentlege akvarium |


Offentlege akvarium er dyreparkar med vasslevande dyr, og finst i mange byar. Desse har som regel store samlingar med mindre akvarium, i tillegg til ein del verkeleg store med t.d. sel, hai, pingvinar eller delfinar.
Det første offentlege akvariet vart opna i London i 1853. I Noreg var Akvariet i Bergen først ute, i 1960.



Sjå òg |


  • Akvariefisk


Kjelder |



  • All the information you need about aquariums

  • Engelsk Wikipedia

  • Bokmål Wikipedia



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Akvarium





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon