Nordic Voices






























Nordic Voices
Opphav Noreg
Aktiv 1996–
Sjanger Korsong
Plateselskap
JDR, Chandos, Aurora
Medlemmer
Tone E. Braaten, sopran
Ingrid Hanken, sopran
Ebba Rydh mezzosopran
Per Kristian Amundrød, tenor
Frank Havrøy, baryton/ tenor
Trond Olav Reinholdtsen, bass
Njål Sparbo, substitutt
Tidlegare medlemmer
Marianne Beate Kielland


Nordic Voices er ein norsk vokalsekstett som vart starta i mai 1996. Ensemblet består av seks medlemer med utdanning frå Norges musikkhøgskole og Statens operahøgskole. Repertoaret spenner frå gregoriansk song til nyare og moderne klassisk musikk. I tillegg til konsertar i Noreg, har koret turnert og opptrådt i ei rekkje land, m.a. USA, Taiwan, Japan, Sør-Afrika og fleire europeiske land. I 2007 gav dei ut albumet Reges Terrae med musikk frå 1500-talet spelt inn i mellomalderbasilikaen Ringsaker kyrkje i Hedmark.



Utmerkingar |



  • Dei vart nominerte til Spellemannprisen 2007 i klassen klassisk musikk for Reges Terrae.


  • Fartein Valen-prisen i 2008.


  • Gammleng-prisen i 2010 i klassen kunstmusikk.



Diskografi |



  • Sense & nonSense (JDR, 2001)

  • Reges Terrae (Chandos, 2007)

  • Djonki don (Aurora, 2008)



Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på wikipedia sin artikkel om Nordic Voices på bokmål.

  • Nordic Voices si heimeside

  • Store Norske Leksikon om Nordic Voices




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon