Felehovud






Felehovud


Felehovud er nemninga på dei unge skota til bregnar som kan brukast til mat.[1]
Skota ligg samankrølla i ei spiralform som kan minna om hovudet på ei fele.[2]


Felehovud frå ulike bregnetypar blir brukt til mat, men nokre av dei inneheld ein del giftstoff. Desse må i det minste gjennom varmebehandling før dei kan etast, eller ein lèt dei vera.[2]




Felehovudskulptur av Jim Boyd i Saint Johni New Brunswick i Canada,




Felehovud servert til kylling.



Bregnetypar |


Strutseveng (Matteuccia struthiopteris) er rekna som ein trygg bregnevariant å eta felehovud frå, og har vore brukt til mat i Nord-Amerika, Japan og Europa.[1][2]
Ein kan også bruka bregnetypar som geittelg (Dryopteris dilatata)[3] og skogburkne (Athyrium filix-femina).[3]


Felehovud av einstape (Pteridium aquilinum) har vore brukt til mat i Japan, Europa[4] og Nord-Amerika, men denne planten inneheld ein del giftstoff - tiaminase, eit enzym som kan gje B-vitaminmangel, prunasin, eit cyanidproduserande glykosid, og ptaquilosid, som kan vera kreftframkallande.[5]
Mange unngår derfor å eta dette bregneslaget i dag, eller et berre små mengder.[3]



Tilreiing |


Ein plukker rundt fem cm av den samanrulla stengelen tidleg om våren.[1][3] Eventuelle skjel blir fjerna og grønsaken kan så dampast, kokast, steikast eller sauterast. Grønsaken kan også brukast i supper, sausar, gryterettar og på pizza.[3]


Felehovuda held seg ikkje lenge ferske,[6]
men dei kan forvellast og deretter frysast.[1]



Kjelder |




  1. 1,01,11,21,3 «Strutseving» (PDF). Norges sopp- og nyttevekstforbund. 


  2. 2,02,12,2 Lindsay-Jean Hard (10. mai 2013). «Fiddlehead Fern: A Controversial Coil». Food52. 


  3. 3,03,13,23,33,4 Tkaczyk, Filip A. (2009). «Fiddlehead Ferns: Springtime Edible Treats». Alderleaf Wilderness College. 


  4. «Einstape (Pteridium aquilinum)». urnatur. Henta 30. mars 2018. 


  5. «EINSTAPE». Urtekildens planteleksikon. 29.04.2017. 


  6. Molly Watson (15.10.2017). «All About Fiddlehead Ferns». the spruce. 




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon