Guttannen
Guttannen | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
Kanton | kantonen Bern | ||
Distrikt | Interlaken-Oberhasli | ||
| Språk | tysk | ||
| Borgarmeister | Esther Messerli | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune | 200,7 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 310 1,5 /km² | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 1057 moh | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 3864 | ||
Nettstad: www.guttannen.ch | |||
Guttannen er ein kommune i distriktet Interlaken-Oberhasli i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 310 innbyggjarar (2010) og eit areal på 200 km². Kommunesenteret ligg 1057 meter over havet.
Grimselsee, Grimsel Hospice, og Räterichsbodensee frå Grimselpasset
Guttannen ligg i Berner Oberland nær Grimselpasset. Han er den høgastliggande busetnaden i Haslital. Nabokommunane er Innertkirchen, Gadmen, Oberwald, Obergesteln, Ulrichen, Münster-Geschinen, Fieschertal og Grindelwald.
Aare spring ut frå brear i Guttannen. Det er fire innsjøar i kommunen: Oberaarsee, Grimselsee, Räterichsbodensee og Gelmersee. Vest i kommunen ligg fjella Schreckhorn, Lauteraarhorn og Finsteraarhorn. Guttannen omfattar òg Finsteraarbreen, Lauteraarbreen, Unteraarbreen, Gruebenbreen, og Bächlibreen.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Guttannen» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2012.
Bakgrunnsstoff |
Guttannen på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
|