Kvartett

Ein bandurakvartett frå Lviv.
Ein kvartett er i musikk anten eit ensemble på fire personar eller ein komposisjon for fire instrument.
Kvartettar er mellom anna vanleg innan klassisk musikk, der særleg strykekvartettar er utbreidde, og i jazzen, der ein standard kvartett består av ein messing- eller treblåsar, ein gitar, ein kontrabass og eit trommesett.
Innan popmusikk og rock består kvartettar gjerne av to elektriske gitarar, ein bassgitar og eit trommesett.
