Pompeii

Utgraving av eit hus
Pompeii (nokre gonger stava Pompeji eller Pompei) var ein by i Romarriket. Byen ligg som ein ruin i det noverande Italia, ved Napoli.
Byane Pompeii og Herculaneum vart lagt øyde i samband med vulkanen Vesuv sitt utbrot i år 79 e.Kr.. Pompeii vart ikkje ramma av lava, men vart gravlagd i oska frå utbrotet, og difor vart byggverka i byen for ein stor del ikkje øydelagd.
På 1700-talet vart byen oppdaga att og i 1861 byrja ein ei systematisk arkeologisk utgraving av byen. Det spesielle med utgravinga av Pompeii er dei mange avstøypingane av døde menneske. Mange av innbyggjarane vart innkapsla i oske, og etter dei vart det eit hol som ein kan fylla med gips og laga ei avstøyping.
Utgravingsområda er teke med på UNESCO si liste over verdsarv.
Bakgrunnsstoff |



|