Titrering

Typisk titreringsoppsett.
Titrering er ein analysemetode der ein gradvis set til ein reagens (titrant) i ei prøve til reaksjonen er fullstendig. Slik kan ein finna konsentrasjonen av ein analytt.
Eksperimentelt oppsett |
Analytten er ofte i ein erlenmeyerkolbe eller eit begerglas. Titrant vert tilsett frå ei byrette, og kan blandast inn i analytten ved hjelp av ein magnetrørar. Når endepunktet (omslagspunktet) er funne les ein av på byretta kor mykje titrant som er tilsett. I visse tilfelle kan det vera praktisk å ha analytten i byretta. Dette vert kalla omvend titrering.
Det er òg mogleg å bruka titrator.
Typar titrering |
Syre-base-titrering. For å finna endepunktet kan ein bruka eit pH-meter eller ein passande indikator. Ved bruk av sterk syre og sterk base vil endepunktet ha pH tilnærma lik 7.
- Redokstitrering
- Fellingstitrering