Mineral

Mineralet vermikulitt.

Det gjennomsiktige mineralet muskovitt.
Eit mineral er eit naturleg uorganisk stoff som er danna i geologiske prosessar (òg omtala som mineraldannande prosessar) og som har ein definert krystallstruktur og ei bestemt kjemisk samansetjing. Så langt er meir enn 3 500 ulike mineral skildra, og fleire nye blir oppdaga kvart år. Studie av minerala blir kalla mineralogi.
Mange mineral er viktige råstoff i kjemisk og metallurgisk industri, og blir da kalla industrimineral eller malm.
Den kjemiske samansetjinga kan variere frå reine grunnstoff (jf. gull og diamant) til komplekse samansetjinger (jf. silikata) som i visse tilfelle kan variere mellom kjende endepunktar i eit mineralsystem (t.d. feltspat-gruppa).
Følgjande karaktertrekk er ofte nytta til å bestemme kva for eit mineral ein har i hende:
- Krystallstruktur
- Hardleik
- Brot og spalting
- Farge
- Strekfarge
- Glans
- Tettleik
- Magnetisme
- Radioaktivitet
Bakgrunnsstoff |

- Noregs geologiske undersøking
- Institutt for geologi og bergteknikk på Norges Teknisk-Naturvitenskapelege Universitet
- Institutt for geofag på Universitetet i Oslo
- Fossheim steinsenter
- Mindat.org - The mineral database
- Webminderal.com - Mineralogy database
Mineralidentifisering | |
---|---|
Kløyv · Krystallform · Krystallsystem · Brot · Glans · Mohs hardleiksskala · Spesifikk gravitet · Strekfarge |
|