Ål kommune


































































Ål kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Buskerud


Adm.senter

Ål

Areal
1 171 km²
 - land
1 083 km²
 - vatn
88 km²

Folketal
4 626 (1. januar 2018)
Folketettleik

4 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Solveig Vestenfor (Ap)


Kommunenr.
0619




NO 0619 Ål.svg




Wikimedia Commons: Ål, Buskerud

Nettstad: www.aal.kommune.no


Ål kommune er ein kommune som ligg nord i Hallingdal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i aust til Gol og Nes, i sør til Nore og Uvdal, i vest til Hol, i nordaust til Hemsedal og i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane. Kommunegrensene til Ål kommune vart endra i 1979, då eit mindre område vart overført til Hemsedal, og i 2005 då eit mindre område vart overført frå Hol.




Utsyn over Ål om vinteren, sett frå den vestre fjellsida.


Administrasjonssenteret i kommunen er Ål, som har vidaregåande skule og folkehøgskule. Lokalavisa er Hallingdølen, som kjem ut tre dagar i veka.





Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Næringsliv


  • 3 Samferdsel


  • 4 Kjende folk frå Ål


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Referansar




  • 6 Bakgrunnsstoff








Geografi |


Ål kommune strekkjer seg mot nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Ål er ein utprega fjellkommune, der over 80 % av arealet er fjell og vidde over 900 moh., med nesten 1700 sjøar og vatn. Det høgste fjellet i kommunen er Raudbergskarvet (1819 moh.) i nordvest på grensa til Lærdal kommune. Eit anna markant og høgt fjell er Reineskarvet (1791 moh.). Hallingdalen dannar hovuddalen i Ål kommune og går gjennom kommunen i den sørlege delen i retning vest–aust, og Hallingdalselve dannar i Ål den lange og smale Strandefjorden. Ål kommune har to tettstader, Ål og Torpo. I tillegg har kommunen bygdene Vats, Leveld, Votndalen, Torpo, Uppheim, Kvinnegardslia, Øvre-Ål, Sundre, Breie og Strand.



Næringsliv |




Tømmerhus med torvtak i Ål i Hallingdal





Torpo stavkyrkje




Frå Leveld


Ål har eit allsidig næringsliv (med ei fordeling av sysselsette på primærnæring 11%, industri 13%, bygg og anlegg 10%, tertiærnæring 29% og offentleg forvaltning 33% [1]).


Det er mykje eng og beitemark i kommunen og fleire setrar er framleis i drift. Turistnæring er ei viktig satsing i Ål med kring 2500 hytter, nokre hotell, to alpinanlegg og fleire preparerte løyper, men kommunen er ikkje ein like utprega turiststad som Geilo, Gol og Hemsedal. I tettstaden Ål kjem avisa Hallingdølen ut tre gonger i veka, på tysdagar, torsdagar og laurdagar[2].


Ål er eit skulesenter, med Ål vidaregåande skule, Lien landbruksskule og Ål folkehøyskole og kurssenter for døve. Hallingdal Sjukestugu er distriktsmedisinsk senter i Hallingdal og ligg på Sundre.



Samferdsel |


Bergensbanen går gjennom Ål kommune, på sørsida av dalen med stasjonane Ål og Torpo. På nordsida av dalen går riksveg 7 Oslo–Bergen. Det er fylkesveg nordover til bygdene Leveld og Vats, og opp til Myking gjennom dalføret til Kvinda. Fleire av vegane i fjellet er bygd ut i samband med kraftutbygginga.



Kjende folk frå Ål |




  • Herbrand Sata (1753-1830), rosemålar


  • Nils Bæra (1785-1873), rosemålar


  • Embrigt Bæra (1788-1876), rosemålar


  • Olav Sataslåtten (1891-1971), spelemann


  • Sevat Sataøen (1892-1962), spelemann


  • Olav Thon (1923-), finansmann og hotelleigar


  • Aagot Noss (1924-2015), tradisjonsforskar


  • Nils Ellingsgard(1928-), målar og statsstipendiat


  • Stein Torleif Bjella (1968-), musikar


  • Hellbillies, countryrock-gruppe



Kjelder |






  • «Ål» av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon, snl.no.



Referansar |





  1. Drangsland, Kari Anne K. og Stig-Erik Jakobsen: Sluttevaluering av omstillingsprogrammeti Ål. Samfunns- og næringslivsforskning AS. http://www.innovasjonnorge.no/TP_fs/Regional_Omstilling/Dokumentasjon%202010/Ål.pdf


  2. http://www.hallingdolen.no/




Bakgrunnsstoff |



  • Nettsidene til Ål kommune


  • Hallingdølen - lokalavis i Ål


  • Ål kulturhus - informasjon om kultur i Ål


  • Velkommen til Ål i Hallingdal - turistinformasjon om Ål i Hallingdal


  • Heimbygda - Ål si historie i tekst og bilete









Koordinatar: 60°37′49″N 8°33′40.2″E





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon