Lesjaverk







































Lesjaverk
stad
Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland

Kommune

Lesja

Høgd
630 moh.



Postnummer
2667

Preposisjon

Lesjaverk


Wikimedia Commons: Lesjaverk


Lesjaverk er ein tettbygd stad i Lesja kommune i Oppland. Han ligg om lag 4 mil vest for Dombås. Lesjaverk høyrer til Lesjaskog skulekrins.


Lesjaverk har eigen lokalbutikk. Landbruk er ein særs viktig næringsveg, men det finst òg arbeid innan mellom anna hyttelafting og turisme.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Samferdsel


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |


Namnet kjem frå Lesja jernverk, som vart drive frå 1659 åt slutten av 1700-talet. Grunnlaget var malmførekomstar i lia ovanfor Lesjaverk, no kalla Gruvlia. Malmtilgangen var særs ujamn og produksjonen hadde opphald i fleire periodar. Frå 1695 åt 1697 vart Lesjaverk kyrkje bygd til bruk hovudsakleg av dei som jobba på verket og familiane deira. Etter at drifta på jernverket vart avvikla ynskja ein å flytte kyrkja vestover åt Lesjaskog, der hovudtyngda av befolkninga i området låg. Kyrkja vart flytt i 1855 og omdøypt Lesjaskog kyrkje. I 1964 vart det bygd ei ny Lesjaverk kyrkje på staden der den gamle verkskyrkja hadde stått.




Verksbygninga og restar av masomnen på Lesja jernverk.



Samferdsel |




Lesjaverk stasjon


Toga på Raumabanen stoppar på Lesjaverk stasjon om det trengs[1]. Europaveg 136 går gjennom Lesjaverk.



Kjelder |





  1. Lesjaverk stasjon. Jernbaneverket. Henta 21. mars 2017.




Bakgrunnsstoff |




  • Lesja jernverk på lokalhistoriewiki.


  • Lesjaverk kyrkje på lokalhistoriewiki.


  • Lesjaskog kyrkje på lokalhistoriewiki.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon