Bygstad
Bygstad | |
stad | |
![]() Bygstad sett frå Storehesten Foto: | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Gaular |
Postnummer | 6977 BYGSTAD |
Preposisjon | i Bygstad |
Wikimedia Commons: Bygstad | |
Bygstad er ei bygd og eit sokn i Gaular kommune i Sunnfjord. Staden ligg inst i Dalsfjorden. I Bygstad er det kyrkje, nærbutikk, pub, samfunnshus, barnehage og barneskule. Barneskulen har i gjennomsnitt i overkant av 100 elevar. Frå Bygstad er det vel to mil til regionssenteret Førde, om lag fire mil til industristaden Høyanger i Sogn og 15 mil til Bergen.
Bygstad sokn |

Bygstad kyrkje bygd i 1845 og flytt i 1939
Bygstad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Det er ei kyrkje i soknet, Bygstad kyrkje frå 1845 i Bygstad. Ho erstatta ei stavkyrkje frå 1200-talet[1]
Bygstad og resten av Gaular høyrde fram til 1755 til Holmedal prestegjeld, då vart det deld i to og Gaular oppretta som Indre Holmedal prestegjeld. Indre Holmedal skifte namn til Gaular prestegjeld i 1911.[2]
Kjelder |
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Om Bygstad sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
Fotnotar |
↑ ««Bygstad kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon». Vitja 25. desember 2008
↑ ««Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket». Vitja 25. desember 2008

|