David Marks
































David Marks

David Lee Marks
David Marks.jpg
David Marks i 2008
Fødd
22. august 1948 (70 år)
Fødestad Hawthorne
Opphav USA
Sjanger
Pop, rock
Instrument Gitar
Verka som
Vokalist, musikar, låtskrivar

David Lee Marks (fødd 22. august 1948) er ein amerikansk gitarist, songar og låtskrivar, mest kjent som medlem av The Beach Boys i tida 1962-1963.




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


  • 2 Diskografi som soloartist


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Karriere |


Marks var nabo og ven av dei tre Wilson-brørne som starta Beach Boys, han hadde spelt og sunge saman med dei og hadde lært gitarspel av John Maus (seinare John Walker i The Walker Brothers). I februar 1962 blei han teken med i gruppa for å erstatte Al Jardine. Marks var 13 år då bandet 16. juli 1962 skreiv kontrakt med plateselskapet Capitol Records, og han bidrog med gitar og vokal på dei fire første albuma til The Beach Boys. Han var med på å spela inn hitlåtar som «Surfin' Safari», «409», «Surfin' USA», «Shut Down», «Surfer Girl», «In My Room» og «Be True to Your School». Han spelte også over 100 konsertar med The Beach Boys på turnear over heile USA, frå Hawaii til New York.


I oktober 1963 gjekk Marks ut av bandet etter konflikt med Murry Wilson, faren til Wilson-brørne og manager for bandet. Marks fortsette som musikar utover 1960- og 1970-talet som solo- og studiomusikar. Han var gjesteartist med The Beach Boys i 1971, og blei fast medlem igjen i 1997, då Carl Wilson måtte slutta i gruppa grunna sjukdom. Marks spelte no rundt 300 konsertar med The Beach Boys, før også han måtte forlata gruppa på grunn av sjukdom i 1999.


The Beach Boys blei så godt som oppløyst etter at Carl Wilson døydde. I 2008 var Marks med i «Beach Boys Band» saman med Mike Love og Bruce Johnston. I 2009 var han med i eit «rivaliserande» Beach Boys-band, «Endless Summer Band», saman med Al Jardine. Han er framleis aktiv som musikar.



Diskografi som soloartist |




  • Work Tapes (fra 1992, gjeve ut i 2000)


  • Something Funny Goin' On (2003)


  • The Marks-Clifford Band «Live at the Blue Dolphin '77» (2006)


  • I Think About You Often (2006)


  • The Lost Years : Limited Edition (samlealbum, 2008)


  • The Marksmen : The Ultimate Collectors Edition (samlealbum, 2008)



Bakgrunnsstoff |



  • Nettstad for David Marks

  • David Marks - intervju på ilikemusic.com frå 2008



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «David Marks» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2011.

















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon