Henry Rinnan
















Henry Rinnan

Fødd
14. mai 1915
Levanger
Død

1. februar 1947
Trondheim



Henry Oliver Rinnan (14. mai 1915–1. februar 1947) var ein norsk krigsforbrytar frå den andre verdskrigen.[1]




Rekonstruksjon av «Bandeklosteret» til Henry Rinnan


Rinnan var eldste son av ein skomakar frå Levanger. Under den andre verdskrigen bygde Rinnan opp eit nært samarbeid med den tyske okkupasjonsmakta. I Trondheim bygde han opp gruppa Sonderabteilung Lola, i tett samarbeid med det tyske tryggingspolitiet Gestapo i Trondheim. Gruppa skulle koma i kontakt og om mogleg verta ein del av den norske motstandsrørsla. Slik kunne dei avsløra kven som var med i heimefronten, og gje melding om det til tyskarane. Ein reknar med at fleire hundre vart torturert, og meir enn 80 menneske vart drepne.


Etter kvart fekk gruppa til Rinnan namnet Rinnanbanden. I det norske landssvikoppgjeret etter krigen vart Rinnan og elleve andre frå Rinnanbanden dømde til døden.[1] Rinnan vart dømt for 13 drap.[1] Henry Rinnan, Bjarne Jenshus, Aksel Mære, Harry Rønning, Harry Hofstad, Olaus Hamrun, Per Bergeen, Kristian Randal, Harald Grøtte og Hans Egeberg vart avretta ved skyting.



Kjelder |




  1. 1,01,11,2 Skodvin, Magne (2018-11-06). «Henry Rinnan». Store norske leksikon (på norsk). 





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon