Gaupe









































Gaupe

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga


Gaupe Lynx lynx
Gaupe Lynx lynx



Systematikk

Rike:

Dyr (Animalia)

Rekkje:

Ryggstrengdyr (Chordata)

Underrekkje:

Virveldyr (Vertebrata)

Klasse:

Pattedyr (Mammalia)

Orden:

Rovpattedyr (Carnivora)

Familie:

Kattefamilien (Felidae)

Art:

Gaupe (Lynx lynx)

Underartar


  • L. l. carpathicus

    • L. l. dinniki

    • L. l. isabellinus

    • L. l. kozlovi

    • L. l. lynx

    • L. l. martinoi

    • L. l. stroganovi

    • L. l. wardi

    • L. l. wrangeli




  • Vitskapleg namn
    Lynx lynx

    L, [[1758]]









































    Gaupe
    Namn på andre språk
    Norrønt Gaupa
    Nordsamisk Albbas
    Svensk Lodjur
    Dansk Los
    Engelsk Lynx
    Tysk Luchs
    Fransk Lynx, lynx boréal
    Spansk Lince
    Russisk Rys (Рысь)

    Gaupe (Lynx lynx eller Felis lynx) er eit kattedyr som er utbreidd både i Europa og Asia. Gaupa høyrer til kattefamilien og er mellom dei rovdyra som står øvst i matkjeda. Det finst ni kjende underartar, men ikkje alle vert internasjonalt anerkjende. Gaupa er det einaste viltlevande kattedyret i Skandinavia.




    Innhaldsliste






    • 1 Skildring


    • 2 Utbreiing


      • 2.1 Gaupe i Noreg




    • 3 Levesett


    • 4 Reproduksjon


    • 5 Systematikk


    • 6 Anna


      • 6.1 Fotnotar




    • 7 Bakgrunnsstoff





    Skildring |


    Gaupa vert gjerne 80-130 cm lang, målt frå nasetipp til halerot, med tillegg av ein ca. 11-25 cm lang hale. Mankehøgda hos vaksne dyr varierer frå 50-70 cm og vekta ligg normalt på ca. 13-35 kg hos vaksne individ. I Noreg, Sverige og Finland vert gjerne hanngaupa ca. 18-26 kg, mens hogaupa vert ca. 13-18 kg (Gaupe og rådyrprosjektet i Noreg). Gaupa har eit ganske rundt hovud, spisse små øyrer, og ein forholdsvis kvadratisk kropp til katt å vere, der bakkroppen er steil. Pelsen varierer frå gul til gråbrun med mørke flekkar eller striper. Flekkane varierer frå område til område. Halen er kort og har svart haletipp. Gaupe har eit utprega skjegg. Dei har lange bein og mykje hår rundt potane, noko som er eit resultat av gaupas tilpassing til eit kaldt klima.


    Gaupa har godt syn og god høyrsel. I vill tilstand lever den gjerne til den vert 10-12 år gammal, sjølv om det finst gauper som har blitt heile 24 år gamle.



    Utbreiing |


    Det opphavlege utbreiingsområdet strekte seg frå Pyreneane i sør over eit bredt belte til Aust-Sibir i nordaust, samt det nordvestlege Europa. På 1960-talet vart gaupa utrydda i store delar av Vest-Europa. I Noreg vart den nesten utrydda dei første 10-åra på 1900-talet, men bestanden tok seg opp att utover på 1950-talet og 1960-talet. I dag har òg gaupa tatt til på nytt å erobre skog- og fjelltraktene på kontinentet, godt hjelpt av mennesket. I 2002 kom dei første kulla til verda i Tyskland.



    Gaupe i Noreg |


    Gaupe finst i dag i faste bestandar over heile fastlands-Noreg, med unnatak av vestlandsfylka der førekomsten er meir sporadisk. Frå 1996 til 2004 vart gaupebestanden på landsbasis redusert med ca. 40 %, frå ein minimum totalbestand på 370-410 gauper i 1996 til ca. 250 gauper før jakt i 2004. Før jakt i 2004 var det registrert minimum 42-44 familiegrupper av gaupe i Noreg. Mot slutten av 1970-talet inntok gaupa òg område der den tidlegare ikkje hadde vore, og etablering av reproduserande gaupe i Finnmark skjedde truleg så seint som i 1980 (Direktoratet for naturforvaltning, 2005). Etter at jaktkvota minska, har bestanden av gaupe tatt seg noko opp og vert no forventa (ved inngangen til 2005) å vere på noko over 300 dyr. Den totale bestanden av gaupe i Noreg, Sverige og Finland er truleg på over 3.000 dyr.



    Levesett |


    Gaupa er ein einsam smygjeger som trivst best åleine, eit typisk skogsdyr, som berre unntaksvis beveger seg i ope lende eller i nærleiken av menneske. Den jagar for det meste i skumringa og om natta. Små og mellomstore klauvdyr er typiske byttedyr, spesielt rådyr. Gaupa forsyner seg òg av sau i utmark, der slike dyr er tilgjengeleg.


    Når byttedyret er oppdaga freistar ho å smyge seg inn på det for å avlive byttet. Store byttedyr vert gjerne drepne med strupebitt, mens mindre dyr vert bitne over nakken. Vaksne gauper ferdast stort sett aleine, bortsett frå i paringstida.



    Reproduksjon |




    Gaupeunge


    Hoer og hannar treffer kvarandre berre under paringstida, som gjerne finn stad i perioden februar-april. Etter omtrent 10 veker kjem ungane til verda, i ei hole. Kulla består vanlegvis av 2-3 ungar. Dei lever av morsmjølk fram til desember (Noreg), men et gjerne fast føde frå dei er eit par månader gamle. Ungane treng lang tid saman med mora for å lære smygjakt. Først når dei er 8-9 månader gamle meistrar ungane teknikken. Hogaupa og ungane er saman nesten heilt til neste kull kjem.




    Gaupeunge
    Foto: Bernard Landgraf




    Systematikk |



    • Art: Lynx lynx (gaupe)


      • Underart: Lynx lynx carpathicus (Karpatane)


      • Underart: Lynx lynx dinniki (Kaukasusfjella i Tyrkia og Nord-Iran)


      • Underart: Lynx lynx isabellinus (Kina, Nepal, Pakistan, Kasakhstan)


      • Underart: Lynx lynx kozlovi Nord-Mongolia og Sør-Sibir)


      • Underart: Lynx lynx lynx (Finland, Noreg, Sverige, Estland, Latvia, Litauen, Vest-Russland og delar av Sibir, Kviterussland, Nord-Ukraina)


      • Underart: Lynx lynx martinoi (Balkan)


      • Underart: Lynx lynx stroganovi (Aust-Sibir og Nordaust-Kina)


      • Underart: Lynx lynx wardi (Sørvest-Mongolia og Sør-Sibir)


      • Underart: Lynx lynx wrangeli (Aust-Sibir)






    Anna |


    I 2015 fekk gaupa endra vernestatusen frå Sårbar, VU (Vulnerable) til Sterkt truga, EN (Endangered) på den norske raudlista.[1][2]





    Fotnotar |





    1. Ønsker din kunnskap om rødlista arter, Nettside hos NRK Trøndelag, henta 8. februar 2016


    2. Faktark, Lynx lynx (Linnaeus, 1758), Norsk raudliste for artar 2015, Artsdatabanken




    Bakgrunnsstoff |




    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gaupe




    Wikispecies

    Wikispecies har taksonomisk informasjon om Gaupe



    • Det skandinaviske gaupeprosjektet

    • Globale gauper

    • Informasjon frå Vildkattgruppa til IUCN

    • Eurasian Lynx Online Information System for Europe - ELOIS















































    Popular posts from this blog

    What are all the squawk codes?

    What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

    Olav Thon