Bengal






Bengal i Sør-Asia.


Bengal (bengali Bangala) er ein region nordaust på Det indiske subkontinentet. Området er i dag delt mellom den indiske delstaten Vest-Bengal og Bangladesh.


Bengal er eit lågtliggande område dominert av elvesystemet til Ganges, Brahmaputra og bielver, som dannar Gangesdeltaet der dei renn ut i Bengalbukta. Det er eitt av verdas mest grøderike jordbruksområde, og er tett folkesett. Storbyane Dhaka og Kolkata (Calcutta) ligg i Bengal.
Samstundes er delar av området svært utsett for flaum.


Bengal var ein provins under Mogulkeisaren. Området tilfall Det britiske austindiakompaniet etter Slaget ved Plassey i 1757, og blei ein del av Britisk India. Det blei delt i ein austre og ein vestre del i 1905 under generalguvernør Lord Curzon. Grunngjevinga for dette var at det ville letta administrasjonen av provinsane, men nasjonalistar som kjempa for indisk sjølvstende oppfatta det som eit forsøk på å dela og svekka dei.


Ved delinga av Britisk India i 1947, blei det hindudominerte Vest-Bengal del av sjølvstendige India og det hovudsakleg muslimske Aust-Bengal del av Pakistan. Aust-Bengal frigjorde seg fraå Pakistan i 1971 under namnet Bangladesh. Bangladesh og Vest-Bengal deler framleis språk, kultur, alfabet og ein rik litteratur.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Bengal» frå Wikipedia på bokmål, og «East Bengal» frå Wikipedia på engelsk den 21. mars 2010.



Bakgrunnsstoff |



Spire Denne geografiartikkelen som har med India og Bangladesh å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon