Nilen






Satellittbilde av Nildeltaet




Nilen


Nilen er den lengste elva på jorda[1]. Elva er rekna å vera mellom 6300 og 7200 km lang. Elva Kagera, som renn ut i Victoriasjøen i Uganda, vert rekna for å vera kjelda til Nilen. Derifrå flyt den mektige elva gjennom Uganda, Sudan og Egypt før ho munnar ut i Middelhavet. På ferda nordover får elva tilsig frå ei rad bielver. Den viktigaste av desse er den såkalla «Blå Nilen», som har sitt utspring i Etiopia. Dei sameiner seg i («Den kvite nilen») nær Sudan sin hovudstad Khartoum. Vantnet brukar fire månadar på vegen frå kjeldene i det indre av Afrika til Middelhavet.
Aswandammen er del av eit stort vasskraftverk som Egypt har bygd med utgangspunkt i Nilen.
I det gamle Egypt vart vasstanden i Nilen grundig dokumentert, nettopp fordi den danna grunnlaget for all økonomisk vekst og nedgang i området. Gjekk vasstanden opp, kunne farao krevja høg skatt og omvendt.
Frå kolonitida finst det andre, store dokumentasjonskjelder som vart oppretta av kolonistyret til Storbritannia. Der er mellom anna koplinga mellom klima og sjukdomar i området dokumentert i detalj, sidan malaria og andre tropesjukdomar førte til store effektivitetsproblem for kolonistyret.
Egypt vert i hovudsak utgjort av ei tynn stripe land kring Nilen, der bur nesten heile folkesetnaden. Såleis er vassressursane i Nilen særs viktig for Egypt. Viss eit naboland av Egypt kunne stoppa vasstilførselen til landet, til dømes gjennom storstilt irrigrering av jordbruksland, ville det føra til stor utryggleik i Egypt og i regionen.



Sjå òg |


  • Nile Basin Research Programme


Fotnotar |





  1. Det er derimot strid om det er Nilen eller Amazonaselva som er den lengste elva i verda. Nyleg har forskarar funne det dei meiner er eit nytt utspring for Amazonas, som gjer ho 100 km lenger enn Nilen http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=141277




Kjelder |



  • Om Nilen på Wikipedia (bokmål)


  • Universitetet i Bergen satsar på forsking i Nil-regionen Wikinytt

    Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon