Kitsch






«Katolske pyntenips» av «Den heilage jomfrua» og «den krossfesta Kristus» henta frå eit suvenirutsal ved dei heilage kjeldene i grotta i Lourdes i Frankrike 2005. Masseprodusert og lettfatteleg «liksom-kunst» som kopierer populære, tradisjonelle og dekorative klisjear frå kunsthistoria, vil av mange kunne kallast «kitsch».


Kitsch er masseproduserte gjenstander som liknar på kunst, men som har liten verdi og kunstnarisk kvalitet. Kitsch-omgrepet oppstod i Tyskland på 1800-talet og vart opphavleg brukt om billige etterlikningar av kjende kunstverk, til dømes reproduksjoner av berømte måleri, også i andre materialer enn dei opphavlege. Omgrepet viser i dag til all slags klisjéprega, uoriginal og populær «liksom-kunst», ikkje minst glorete og sentimentale suvenirer og pyntegjenstandar.




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


  • 2 Sjå òg


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Etymologi |


Ordet «kitsch» er opphavleg tysk, men har usikkert opphav. De kan vera avleidd frå det engelske sketch, det vil seia «skisse» eller «utkast», frå det tyske verkitschen som tyder «å selja billeg» eller frå det tyske dialektordet kitschen som betyr å 'smørja', 'fuska' eller 'skrapa saman i haugar'.




Masseproduserte kunstetterlikningar, som denne hagenissen, vert ofte kalla «kitsch».




Denne trehjula motorsykkelen forma som ein raud, blank, høghela damesko, utnyttar ein erotisk klisjé frå populærkulturen og kan oppfattast som «kitsch». Foto frå Seattle i USA 2004.



Sjå òg |



  • Kunst

  • Plagiat

  • Suvenir



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Kitsch» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2018.



Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!


Bakgrunnsstoff |




  • Avant-Garde and Kitsch – Essay av Clement Greenberg


  • Kitsch and the Modern Predicament – Essay av Roger Scruton

  • Kitsch Wiki




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon