Universitetet i Leiden



































Universiteit Leiden
Leiden - Rapenburg 73.jpg

Motto Libertatis Praesidium
Grunnlagt 1575
Rektor Prof. dr. mr. Carel Stolker
Stad
Leiden & Haag i Zuid-Holland
Studentar 25 800 (2015/2016)
Tilsette 5 500 (31 des. 2015)
Nettstad www.leidenuniv.nl

Universitetet i Leiden er det eldste universitetet i Nederland. Det ligg i Leiden i provinsen Zuid-Holland, og har nær 25 800 studentar.


Universitetet i Leiden vart grunnlagt i 1575 av Vilhelm I av Oranien; Huset Oranien-Nassau og universitetet har framleis tette band. Tidleg vart framståande forskarar knytt til universitetet, og det fekk snart rykte på seg som eit av dei fremste lærestadane i Europa. Det var ved dette universitet som René Descartes sine teoriar fekk sitt første gjennombrot, og det vart òg eit sentrum for filologi, botanikk og medisinsk vitskap. Til skilnad frå universiteta i Frankrike og Italia, vart Leiden òg ein viktig stad for protestantismen; då Justus Lipsius konverterte til katolisismen i 1590 måtte han truleg oppgi sitt professorat ved universitetet.


Det første universitetetområdet var ved St. Barbaraklosteret, men det flytte i 1581 til det dominikanske Kvitnonnenklosteret. Bygningen vart øydelagt i 1616, men universitetet eig framleis tomta.


Mellom dei mest berømte institusjonane ved universitetet er observatoriet frå 1633, det naturhistoriske museet med sitt anatomiske teater, det historiske museet (Museum van Oudheden) i tillegg til Hortus Botanicus. Universitetsbiblioteket har meir enn 3,5 millionar bøker.


Universitetet i Leiden er medlem av Coimbragruppa, Europaeum og League of European Research Universities.






Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Universitetet i Leiden» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2010.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon