Sovjetrepublikk






Våpenskjoldet til Sovjetunionen.


Ein sovjetrepublikk var ei eiga styreform innanfor Unionen av Sosialistiske Sovjetrepublikkar, USSR, (Sovjetunionen).


Unionen bestod formelt av likestilte sovjetrepublikkar som skulle ha eigne grunnlover, eigne lovgjevande forsamlingar og eigne styreorgan. Formelt hadde republikkane også rett til å tre ut av unionen. Sovjetunionen vart danna i 1922 og bestod då av den russiske, den kviterussiske, den ukrainske og den transkaukasiske sovjetrepublikken. Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken og den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken var til og med representert då SN vart skipa i 1948.


Sovjetrepublikkane kunne vidare delast inn i autonome republikkar i Sovjetunionen.




Innhaldsliste






  • 1 Liste over sovjetrepublikkane i unionen


    • 1.1 Dei baltiske sovjetrepublikkane


    • 1.2 Andre sovjetrepublikkar




  • 2 Kjelder


    • 2.1 Fotnotar







Liste over sovjetrepublikkane i unionen |



  • Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken

  • Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den usbekiske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den kasakhiske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den tadsjikiske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den moldovske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den kirgisiske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den litauiske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den turkmenske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den latviske sosialistiske sovjetrepublikken

  • Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken



Dei baltiske sovjetrepublikkane |


Dei latviske, estiske og litauiske sovjetrepublikkane står fast på at dei aldri har vore ein del av Sovjetunionen. Årsaka er at innlemminga av dei baltiske statane i 1940 var basert på Molotov-Ribbentrop-pakta frå 1939 og difor var ulovleg. Dei baltiske statane meiner difor at dei heldt fram å vere uavhengige statar under sovjetisk okkupasjon, og deira standpunkt får stønad frå EU, Den europeiske menneskerettsdomstolen, SN sitt menneskerettsråd og USA. Den russiske regjeringa hevdar på si side framleis at den sovjetiske annekteringa av dei baltiske statane var legitim. [1]



Andre sovjetrepublikkar |




  • Den transkaukasiske sosialistiske sovjetrepublikken (Oppløyst i 1936)


  • Den karelo-finske sosialistiske sovjetrepublikken (Vart innlemma i den russiske i 1956)



Kjelder |






  • «Sovjetrepublikk» i Store norske leksikon, snl.no.

  • Lista over republikkar er henta frå Engelsk Wikipedia: Republics of the Soviet Union, henta inn 26. august 2012.



Fotnotar |





  1. Engelsk wikipedia: Republics of the Sovjet Union






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon