Krumsabel






Tyrkisk krumsabel, kilij.


Krumsabel er ein sabel med sterkt krumma form. Det er eit einegga sverd som ofte har ei ekstra krumming nær odden. Våpenet har opphav i Midtausten, og har ein plass innan muslimsk kultur. Det finst ei rekkje ulike blankvåpen som fell inn under nemninga krumsabel, som arabisk saif, indisk talwar, persisk shamshir, polsk karabela og tyrkisk kilij og jatagan.




Innhaldsliste






  • 1 Krigsreiskap


  • 2 Symbolsk bruk


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Krigsreiskap |


Krumsablar var veleigna til krigføring frå hest på grunn av ei relativt låg vekt og lang klinge. Bogeutforminga gjorde at ein lettare kunne hogga ned motstandarar frå hesteryggen.



Symbolsk bruk |


Mange muslimske tradisjonar bruker krumsabel som symbol. Seremonielle krumsablar kan har vers frå Koranen inngravert. Ein bruker også bilete av krumsablar som nasjonale symbol, som i det jemenittiske flagget og det saudiarabiske riksvåpenet.


Dhu al-Fiqar eller Zulfiqar er namnet på eit sverd som profeten Muhammed sjølv og svigersonen Ali skal ha brukt. Sverdet er blitt eit symbol på sjiaislam, og namnet er blitt brukt fleire gonger i militær samanheng også i moderne tid.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Krumsabel» frå Wikipedia på dansk, den 23. november 2011.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krumsabel



  • Krumsabel frå Asker ved Digitalt Museum



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva