Little America
| Little America | |
| stasjon | |
Little America IV  | |
| Land | |
|---|---|
| Stad | Ross Dependency  | 
Wikimedia Commons: Little America Station  | |
Little America var ei rekkj utforskingsbasar på Rossisen, sør for Hvalbukta i Antarktis. 
Den første basen vart oppretta i januar 1929 av Richard Byrd og vart fråreist i 1930.[1] Det var her filmen With Byrd at the South Pole (1930) vart filma, om flyturen til Byrd til Sørpolen.
Little America II vart oppretta i 1934, kring 10 meter frå den originale basen, der noko av den originale basen var tilgjengeleg via ein tunnel.[1] Denne basen var i drift ei kort stund flytande på eit isfjell i 1934, men det fraus fast att til hovudbreen.[1]
Little America III vart oppretta 10 km lenger nord i 1940–1941 og Little America IV vart oppretta i 1946–1947.[1]
Little America V vart oppretta ved Kainan Bay, kring 50 km mot aust den 3. januar 1956.[2] Little America V tente som den amerikanske basen i sør under Det internasjonale geofysiske året.[2]. Little America V vart bygd av US Navy Seabees i løpet av tre månadar, før den antarktiske vinteren gjorde resten av bygginga umogeleg. Heile Little American V vart bygd nedanfor snølinja i isen, med forskjellige bustadkvarter, generatorrom, kafeteria og rampar for beltekjøretøy. Denne konstruksjonstypen gjorde at ingen ved Little America V trengde å gå ut døra i den harde vinteren når ein skulle frå ein seksjon til ein annan.[3]
Frå Little America vart den førte suksessrike radiosendinga frå Antarktis, og hadde regelmessige sendingar som kunne plukkast opp på radioar i f.eks. USA, meir enn 17 000 km unna. 
Staden der Little America III låg vart ført til sjøs i 1963. Staden der Little America V låg følgde Isfjell B-9 til sjøs i 1987.[4]
Sjå òg | 
- Antarktiskekspedisjonar
 
Kjelder | 
Denne artikkelen bygger på «Little America» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,11,21,3 «Little America Will Float Away on an Iceberg». Eugene Register-Guard. April, 1958. Henta 11. mars 2014.
↑ 2,02,1 «Little America is Dedicated». Ludington Daily News. 3. januar 1956. Henta 11. mars 2014.
↑ «Seabees Build A Town." Popular Mechanics, June 1956, s. 89-94.
↑ «The calving and drift of the iceberg B-9 i the Ross Sea in Antarctica». Antarctic Science. 1990. Henta 11. mars 2014.
 
Bakgrunnsstoff | 
- Paper by CE Palmer, RNZAF on Winds at Little America, 1929
 
  |