Lise Myhre
















Lise Myhre

Lise Myhre, Bokmässan 2013 1 (crop).jpg

Fødd
1. november 1975
Skedsmo
Yrke
teikneserieskapar

Lise Myhre (fødd 1. november 1975 på Lørenskog, oppvakse på Skedsmokorset) er ein norsk teikneserieskapar som lagar teikneserien Nemi.


Ho har studert grafisk design og kunsthistorie på Santa Monica College of Art i California i eitt år, og deretter eitt år grafisk design med Merkantilt Institutt i Oslo.[1]


Før ho skapte Nemi, laga ho ei rekkje andre seriar, blant anna Anne And (ein slag hyllest til Charlie Christensens Arne And) i gratisavisa Planetarium C og M. P. som starta i Larsons Gale Verden i 1996 . Året etter laget ho ein ny serie i LGV, Den svarte siden, som etter kvart utvikla seg til Nemi.


Nemi debuterte i Dagbladet i 1999, og har etablert seg som ein av Noregs to mest populære teikneseriar (ved sida av Pondus).[1] Nemi fekk eige blad i 2003, etter at Myhre hadde skifta forlag frå Bladkompaniet til Egmont.


Lise Myhre har òg illustrert dikt av Edgar Allan Poe og André Bjerke med figurane frå Nemi, og illustrert platecover (for blant anna Gothminister), skoledagbøker, skolebøker (fysikk for vidaregåande skule) og skrekkbøker.[1]


Lise Myhre bur i Oslo.



Referansar |




  1. 1,01,11,2 Lise Myhre Gyldendal



Eksterne lenkjer |


  • Nemi.no



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon