Å for et spill
«Å for et spill» av | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk | |
Utgjeve | 1973 | |
Låtskrivar(ar) | Arne Bendiksen | |
|---|---|---|
«Å for et spill», òg kjend som «It's Just a Game», er ein song av Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal og Bendik Singers, gjeven ut i 1973. Songen er skriven av Arne Bendiksen.[1]
Innhaldsliste
1 Eurovision
1.1 Melodi Grand Prix 1973
1.2 Eurovision Song Contest 1973
2 Fotnotar
Eurovision |
Melodi Grand Prix 1973 |
«Å for et spill» deltok i Melodi Grand Prix 1973, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1973 i Luxembourg i Luxembourg. Songen vart framført på norsk av Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal med eit lite orkester, og så på nytt av Bendik Singers med eit stort orkester. Bidraget vann med 50 poeng.[2][3]
Eurovision Song Contest 1973 |
Eurovision Song Contest 1973 | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Land | Noreg | ||||
| Artist(ar) | Anne-Karine Strøm, Ellen Nikolaysen, Bjørn Kruse og Philip Kruse | ||||
| Alias | Bendik Singers | ||||
| Medverkande | Carsten Klouman (dirigent) | ||||
| Språk | Engelsk, fransk, italiensk, spansk, nederlandsk, tysk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, irsk, svensk og norsk | ||||
| Komponist(ar) | Arne Bendiksen | ||||
| Låtskrivar(ar) | Bob Williams | ||||
| Resultat | |||||
| Finalepoeng | 89 | ||||
| Finaleplass | 7 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | |||||
| |||||
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1973 fekk «Å for et spill» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1973. Teksten vart skriven om av Bob Williams, og songen fekk tittelen «It's Just a Game». Bendik Singers framførte songen på engelsk, fransk, italiensk, spansk, nederlandsk, tysk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, irsk, svensk og norsk, og enda på sjuandeplass med 89 poeng; ni frå Israel, åtte frå Finland, sju frå Monaco, Sveits og Luxembourg, seks frå Vest-Tyskland, Spania, Jugoslavia og Frankrike, fem frå Belgia, Portugal og Italia og tre frå Sverige, Nederland, Irland og Storbritannia. Carsten Klouman var dirigent.
Dette er det andre og førebels siste bidraget, ved sida av det irske bidraget i 1972, som har vorte framført på irsk. Det er òg det bidraget som har vorte framført på flest språk.
Fotnotar |
↑ «MGP 1973» (norsk). OGAE Norge. Henta 7. juli 2014.
↑ «Norway 1973» (engelsk). esc-history.com. Henta 7. juli 2014.
↑ «NORWEGIAN FINAL 1973» (engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 7. juli 2014.
Songar i Melodi Grand Prix 1973 | |
|---|---|
Rett deg opp · Det er jo sant · Om du kunne · Å for et spill · Alternativ |
Vinnarsongar i Melodi Grand Prix | |
|---|---|
Voi Voi (1960) · Sommer i Palma (1961) · Kom sol, kom regn (1962) · Solhverv (1963) · Sprial (1964) · Karusell (1965) · Intet er nytt under solen (1966) · Dukkemann (1967) · Jeg har aldri vært så glad i no'en som deg (1968) · Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli (1969) · Lykken er (1971) · Småting (1972) · Å, for et spill (1973) · Hvor er du (1974) · Det skulle ha vært sommer nå (1975) · Mata Hari (1976) · Casanova (1977) · Mil etter mil (1978) · Oliver (1979) · Sámiid ædnan (1980) · Aldri i livet (1981) · Adieu (1982) · Do re mi (1983) · Lenge leve livet (1984) · La det swinge (1985) · Romeo (1986) · Mitt liv (1987) · For vår jord (1988) · Venners nærhet (1989) · Brandenburger Tor (1990) · Mrs. Thompson (1991) · Visjoner (1992) · Alle mine tankar (1993) · Duett (1994) · Nocturne (1995) · I evighet (1996) · San Francisco (1997) · All I Ever Wanted Was You (1998) · Living My Life Without You (1999) · My Heart Goes Boom (2000) · On My Own (2001) · I'm Not Afraid to Move On (2003) · High (2004) · In My Dreams (2005) · Alvedansen (2006) · Ven a bailar conmigo (2007) · Hold On Be Strong (2008) · Fairytale (2009) · My Heart Is Yours (2010) · Haba Haba (2011) · Stay (2012) · I Feed You My Love (2013) · Silent Storm (2014) A Monster Like Me (2015) · Icebreaker (2016) · |