Hunan






Plasseringa av Hunan i Kina


Hunan (kinesisk 湖南, pinyin Húnán) er ein provins i Folkerepublikken Kina.
Han ligg sør for elva Chang Jiang og Dongtingsjøen, derav namnet som tyder «sør for innsjøen». Hunan vert ofte nemnt med kortforma 湘 (pinyin: Xiāng), etter elva Xiang Jiang som renn gjennom provinsen. Hunan grensar til Hubei i nord, Jiangxi i aust, Guangdong i sør, Guangxi i vest, Guizhou i vest, samt Chongqing i nordvest. Provinsen har ei flatevidd på 211 800 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 63,93 millionar. Changsha er hovudstad i provinsen.




Sandsteinspillarar i Zhangjiajie




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Demografi


  • 3 Økonomi


  • 4 Administrasjonseiningar


  • 5 Historie


  • 6 Kjelder





Geografi |


Med unnatak for det nordaustlege Hunan, er provinsen prega av fjellryggar som deler provinsen inn i fleire åtskilde område langs kvar sine sideelvar til Chang Jiang. Fjellet Hengshan, det sørlegaste av dei tidlegare, fem heilage fjell i Kina, ligg omtrent midt i provinsen. Nanlingfjella dannar i sør grense mot provinsen Guangdong.


Alle dei større elvane renn ned mot Kinas største elv, Chang Jiang, og hamnar til sist i ho. Av desse har Xiang Jiang sine kjelder i provinsen Guangxi og renn inn i Hunan omtrent ved Quanzhou. Andre store elvar er Yuan Jiang og Lishui. Alle desse tre elvane munnar ut i bekkenet kring Dongtingsjøen, nordaust i provinsen. Innsjøen vert over 5 500km² stor ved dei tider Chang Jiang og dei andre elvane fløymer over om sommaren.



Demografi |


I fylgje folketeljinga 2000 fordelte befolkninga i Hunan seg i 41 etniske grupper. 89,79 % registrerte seg som hankinesarar, medan 10,21 % var fordelt på ulike minoritetar. Størst mellom desse er tujia (4 %), miao (3 %), dong (1 %) og yao (1 %), vidare hui, bai, zhuang, uighur. Xiang-kinesisk er det mest utbreidde, innfødde talemålet i Hunan.



Økonomi |


Ris er hovudavling for Hunan. Området kring Dongtingsjøen er eit viktig senter for produksjonen av rami (kinagras), Hunan er elles eit senter for dyrkinga av te. Lengshuijiang-området er kjent for sine spissglans-gruver, og er dessutan eit av dei større sentra i utvinninga av antimon i Kina.



Administrasjonseiningar |


Hunan er delt opp i 14 einingar på prefekturnivå, 13 av desse er byprefektur og den siste er eit autonomt prefektur.
















































































































Kart
#
Namn

Hanzi

Pinyin
Administrasjonssete

Hunan prfc map.png

— Byprefektur —
1

Changsha
长沙市
Chángshā Shì

Yuelu distrikt
2

Changde
常德市
Chángdé Shì

Wuling distrikt
3

Chenzhou
郴州市
Chénzhōu Shì

Beihu distrikt
4

Hengyang
衡阳市
Héngyáng Shì

Yanfeng distrikt
5

Huaihua
怀化市
Huáihuà Shì

Hecheng distrikt
6

Loudi
娄底市
Lóudǐ Shì

Louxing distrikt
7

Shaoyang
邵阳市
Shàoyáng Shì

Shuangqing distrikt
8

Xiangtan
湘潭市
Xiāngtán Shì

Yuetang distrikt
9

Yiyang
益阳市
Yìyáng Shì

Heshan distrikt
10

Yongzhou
永州市
Yǒngzhōu Shì

Lengshuitan distrikt
11

Yueyang
岳阳市
Yuèyáng Shì

Yueyanglou distrikt
12

Zhangjiajie
张家界市
Zhāngjiājiè Shì

Yongding distrikt
13

Zhuzhou
株洲市
Zhūzhōu Shì

Tianyuan distrikt

— Autonomt prefektur —
14

Xiangxi (Tujia & Miao)
湘西土家族苗族自治州
Xiāngxī Tǔjiāzú Miáozú Zìzhìzhōu

Jishou

Dei fjorten einingane er delt i 122 på fylkesnivå (34 distrikt, seksten byfylke, 65 fylke og sju autonome fylke). Desse er i sin tur delt i 2 587 einingar på kommunenivå (1 098 bykommunar, 1158 landkommunar, 98 etniske landkommunar, 225 subdistrikt og 8 fylkestyrte distrikt.




Maomuséet i Changsha



Historie |


Urskogane i Hunan vart folkesett av forfedrane til dei moderne miao, tujia, dong og yao-folka. Dei er kjend frå rundt 350 f.Kr. På denne tida og i hundrevis av år etterpå, var området ein magnet for migrasjon av hankinesarar frå nord. Desse rydda det meste av skogen og begynte å dyrke ris i dalane og på slettene. Migrasjonen frå nord var særleg stor under Aust-Jin-dynastiet og dei sørlege og nordlege dynastia, då nomadiske inntrengarar i nord pressa hanfolk sørover.


Under epoken til dei fem dynastia og ti kongedømma låg Hunan under det sjølvstendige regimet Ma Chu. Både Hunan og Hubei høyrde under Qing-dynastiet til provinsen Huguang. Hunan vart eigen provins i 1664 og fekk sitt noverande namn i 1723.


Hunan var eit viktig kommunikasjonssenter grunna si plassering langs Chang Jiang. Provinsen var i hundrevis av år kornkammer for mykje av Kina. Befolkninga voks heilt til 1800-talet. Hunan vart overfolka og saman med stor sosial ulikskap førte det til at bøndene gjorde opprør. Bak nokre oppstandar låg det òg etniske spenningar, så som det ti-år lange opprøret til miaofolket, 1795-1806. Taipingopprøret begynte sør i Guangxiprovinsen i 1850. Opprøret spreidde seg til Hunan og vidare austover langs elvedalen kring Chang Jiang. Ein hunanesisk hær under Zeng Guofan marsjerte inn i Nanjing og slo ned opprøret i 1864.


Hunan var heller roleg fram til 1910, då det vart gjort opprør mot Qingdynastiet. Eit nytt opprør, den kommunistiske haustoppstanden i 1927 vart leia av hunanesaren Mao Zedong. Desse oppretta det kortliva Hunansovjetet. Kommunistane heldt så ein geriljahær i fjellområda langs grensa mellom Hunan og Jiangxi i åra fram til 1934. Under press frå dei nasjonalistiske Kuomintangkreftene, begynte kommunisthæren på den berømte lange marsjen til basar i Shaanxiprovinsen. Etter kommuniststyrkane var fjerna, kjempa Kuomintang mot japanarane i den andre kinesisk-japanske krigen. Det forsvarte hovudstaden Changsha til han fall i 1944. Hunan kom relativt uskadd frå den delen av den kinesiske borgarkrigen som følgde etter Japan leid nederlag i 1945. I 1949 kom kommunistane til makta att og nasjonalistane trekte seg sørover.


Som Mao Zedong sin heimprovins støtta Hunan kulturrevolusjonen 1966-76. Provinsstyremaktene var i åra som følgde Maos død i 1976 tregare enn i dei fleste andre kinesiske provinsane med å vedta reformer etter Deng Xiaoping sitt program.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Hunan» frå Wikipedia på tysk, den 8. mars 2011.

  • Denne artikkelen bygger på «Hunan» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.

  • Denne artikkelen bygger på «Hunan» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2011.



























Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?