Marina Bazanova
























Marina Bazanova

Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd
25. desember 1962
Omsk
Idrett
handball
Yrke
handballspelar

Marina Viktorovna Bazanova (fødd 25. desember 1962) er ein ukrainsk tidlegare handballspelar frå Kiev som vart trefaldig verdsmeister med Sovjetunionen i tida 1982-90 og frå 1981 til -88 vann meisterligaen seks gongar med Spartak Kiev.


Bazanova var høgre kantspelar på både Sovjetunionen sitt landslag og på Spartak Kiev i over ti år. I 1981 var ho med å vinne Meisterligaen 1981 og året etter vart ho verdsmeister fyrste gongen då det sovjetiske landslaget vann VM-finalen mot vertslandet Ungarn. Sidan forsvarte Sovjetunionen og Bazanova VM-tittelen i 1986 såvel som i 1990. Meiserligapokal nummer to tok ho og Spartak Kiev i 1983, medan laget åra 1985-88 sopa med seg alle fire pokalane i meisterligaen. Bazanova deltok i Sommar-OL 1988 og 1992, der ho var med å vinne bronsemedalje i begge leikane, i Barcelona 1992 etter å ha tapt semifinalen mot Noreg med eitt mål. Nett i Barcelona fekk ho plass på All-Star-laget.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Marina Bazanova» frå Wikipedia på fransk, den 14. desember 2017.







Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?