Aleksander Nevskij-katedralen i Tallinn

Aleksander Nevskij-katedralen i Tallinn
Aleksander Nevskij-katedralen er ei russisk-ortodoks kyrkje i gamlebyen i Tallinn, hovudstaden i Estland.
Mikhail Preobrazhensky teikna kyrkja i ein typisk nyrussisk stil. Kyrkja er bygd mellom 1894 og 1900, i perioden då landet var ein del av det russiske imperiet. Aleksander Nevskij-katedralen er den største og finaste ortodokse kyrkja i byen. Ho er dedikert til helgenen Aleksander Nevskij som vann slaget i 1242 om isen på Peipus som i dag ligg på grensa mellom Russland og Estland. Den siste russiske patriarken, Aleksej II, starta prestegjerninga si i denne kyrkja.
Interiør frå kyrkja.

Interiør under påske
Aleksander Nevskij-katedralen kroner toppen av Toompea der legenda fortel at folkehelten Kalev er gravlagt. Det må òg seiast det finst fleire andre legender om stader i Estland der Kalev kan vere gravlagt. Styresmaktene i landet planla å rive ned katedralen i 1924, men vedtaket blei aldri gjennomført. Kyrkja har vore samvitsfullt restaurert etter at Estland vann sjølvstende frå Sovjetunionen i 1991.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Alexander Nevsky Cathedral, Tallinn» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2009.