Mirja Hietamies
Mirja Hietamies | |
Dei finske gullvinnarane i 3 x 5 km stafett under Vinter-OL 1956, frå venstre Sirkka Polkunen, Mirja Hietamies og Siiri Rantanen | |
Fødd | 7. januar 1931 Lemi |
Død | 14. mars 2013 |
Yrke | langrennsløpar |
Mirja Hietamies på Commons |
Mirja Kyllikki Hietamies-Eteläpää (7. januar 1931–14. mars 2013) var ein finsk langrennar frå Lemi i Södra Karelen som vart olympisk meister i stafett 1956 i Cortina d'Ampezzo og vann sølvmedaljen på 10 km under dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952.
Hietamies tok sølvet då dei finske utøvarane sikra seg alle medaljane i 10 km langrenn under Vinter-OL 1952, den aller fyrste internasjonale meisterskapstevlinga for kvinnelege langrennarar. Landskvinna Lydia Wideman vann gullet og Siiri Rantanen bronsen. To år seinare kom Hietamies inn til bronse i den individuelle tevlinga, og gjekk andre etappen for Finlands sølvlag i 3 x 5 km stafett då Ski-VM 1954 vart avvikla i Falun.
Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo tok dei tre sølvkvinnene frå Falun-VM steget heilt til topps på sigerspallen etter OL-stafettevlinga. Sirkka Polkunen, Hietamies og Siiri Rantanen vann, 27 sekundar framom Sovjetunionen og med 47 sekundar til gode på Sverige.
Hietamies vart finsk meister på 10 km i 1953 og 1956.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Mirja Hietamies» frå Wikipedia på tysk, den 18. september 2015.