Kristeleg Folkepartis Ungdom


























Kristeleg Folkepartis Ungdom
Skipa 1933
Hovudkontor Oslo
Leiarar
Martine Tønnessen (2017-)
Otto Galtung (generalsekretær)
Ideologi Kristendemokrati
Nettstad www.krfu.no

Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) er ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti (KrF). Det vart skipa i 1946. KrFU er eit kristendemokratisk parti som plasserer seg i sentrum av norsk politikk.


I 2017 vart Martine Tønnessen vald til leiar i KrFU.


Ungdomspartiet er medlem av den Europeiske paraplyorganiasjonen YEPP, og samarbeider med sine nordiske søsterparti gjennom KDUN.


KrFU sitt nordsamiske namn er «Risttalaš Álbmotbellodaga Nuorat (RAN)». Det kvenske namnet er «Kristilisen Kansanparttiin Nuoriso (KrKN)».




Innhaldsliste






  • 1 Ideologi og politikk


  • 2 Organiasjon


  • 3 Leiarar i KrFU


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Ideologi og politikk |


KrFU er eit kristendemokratisk parti. Den kristendemokratiske ideologien er ein sosial, verdiorientert ideologi som plasserer KrFU (saman med KrF) i sentrum av norsk politikk. KrFU er, som andre ungdomsparti, meir radikale enn sitt moderparti, og for KrFU gjeld det spesielt innan utvikling og miljø.


Viktige saker som karakteriserer KrFU:



  • Grunnlovsfesting av retten til liv.

  • Ansvarleg og radikal miljøpolitikk.

  • Omfordeling av ressursane i verda, gjennom auka bistand, meir gjeldsslette og handel med utviklingsland.

  • Eit likestilt samfunn der alle har like moglegheiter, uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn eller seksuell legning.

  • Ein meir human og meir solidarisk flyktning- og asylpolitikk.



Organiasjon |


KrFU sin organisasjon er delt opp i tre ulike nivå; sentralleddet, fylkes- og lokallag.


Sentralleddet består av eit arbeidsutval, samansett av leiar og nestleiarar – og eit sentralstyre. Både sentralstyre og arbeidsutval blir valt på det årlege landsmøtet. KrFU har sitt landskontor i Øvre Slottsgate 18-20.



Leiarar i KrFU |








  • 1946–1948 Ragnar Horn

  • 1948–1949 Jon Arnøy

  • 1949–1950 Ivar Wang-Erlandsen (fung.)

  • 1950–1954 John Antonsen

  • 1954–1955 Aage Lunde

  • 1955–1956 Kåre Kristiansen (fung.)

  • 1956–1957 Odd Holøs

  • 1957–1959 Erling Danielsen

  • 1959–1960 Daniel Kristiansen

  • 1960–1961 Kjell Rønning

  • 1961–1963 Ole J. Søvik

  • 1963–1966 Per Høybråten

  • 1966–1968 Oddvar Hodne

  • 1968–1970 Sverre Pettersen

  • 1970–1973 Kjell Magne Bondevik

  • 1973–1975 Ivar Molde

  • 1975–1976 Ola T. Lånke

  • 1976–1979 Idar Mange Holme

  • 1979–1982 Dagfinn Høybråten


 


  • 1982–1984 Reidar Andestad

  • 1984–1986 Kristin Aase

  • 1986–1988 Svein Konstali

  • 1988–1990 Gunnstein Instefjord

  • 1990–1992 Berit Aalborg

  • 1992–1993 Anders Gåsland

  • 1993–1996 Andreas E. Eidsaa jr.

  • 1996–1999 Øyvind Håbrekke

  • 1999–2002 David Hansen

  • 2002–2005 Per Steinar Osmundnes

  • 2005–2007 Inger Lise Hansen

  • 2007–2010 Kjell Ingolf Ropstad

  • 2010 - 2013 Elisabeth Løland

  • 2013 - 2015 Emil André Erstad

  • 2015 - 2017 Ida Lindtveit

  • 2017- Martine Tønnessen




Kjelder |



  • Nettsida til KrFU

  • Artikkelen «Kristelig Folkepartis Ungdom» på Wikipedia på bokmål og riksmål



Bakgrunnsstoff |


  • Nettsida til KrFU

































Politiske ungdomsparti i Noreg








Sosialistisk Ungdom

Arbeidarane si ungdomsfylking

Senterungdommen

Unge Venstre

Kristeleg Folkepartis Ungdom

Unge Høgre

Framstegspartiet sin ungdom








Grøn Ungdom | Raud Ungdom | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund | Liberalistisk Ungdom | Norsk Ungdom





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva