X-Bow
X-bow-skip vest for Fedje.

Konvensjonell baug versus X-BOW
X-BOW er ein serie design på bakoverlente baugtypar utvikla av Ulstein Design & Solutions AS, eit selskap i Ulstein Group, der baugen er vendt innover, mot akter, slik at eit skip med X-BOW vil vere lengst ved vasslinja. I prinsippet vil ein slik baug ha større oppdrift framme enn konvensjonelle skrog.

Eit konstruksjonsskip med X-BOW under bygging i dokkhallen på Ulstein Verft.

Bourbon Orca - det første skipet med X-BOW
Skroget handterer møtande sjø[1] slik at den ekstra oppdrifta denne forma gir vil gjere at baugen flyt over møtande bølgjer, som dei konvensjonelle skroga må bryte i gjennom. Dette gir mindre akselerasjon i baugen og dermed ei meir komfortabel reise for mannskapet. I tillegg gjev mindre motstand eit redusert drivstoff-forbruk.[2]
Baugen vart lansert i 2005 samtidig som det vart offentleggjort skipsbyggingskontrakt på første skip med X-BOW. Baugen blei anerkjent som «Årets Ingeniørbragd» i 2005,[3] og vart kåra til «Årets Skip» av både Skipsrevyen og Offshore Support Journal.
X-BOW blei første gong tatt i bruk på eit skip i mai 2006, ved bygginga av AHTS-skipet (Ulstein AX104) med namn MS «Bourbon Orca», som i dag opererer i det karibiske havet.
Ved årsskiftet 2015 var det bestilt 100 skipsdesign med X-BOW. Designet er selt til mange ulike reiarlag for bygging ved fleire ulike verft. Designa av X-BOW-fartøy omfattar i hovudsak offshore/oljesektoren (konstruksjon, seismikk, PSV, ankerhandtering), men det er også designa X-BOW-fartøy innan områda tungløft/drill (heavy offshore). Fleire av X-BOW-skipa har blitt nominerte eller blitt utnemnde til Ship of the Year.
Designa av X-BOW-fartøy omfattar i hovudsak offshore/oljesektoren (konstruksjon, seismikk, PSV, ankerhandtering), men det er også designa x-bow-fartøy innan områda tungløft/drill (heavy offshore). Fleire av X-BOW-skipa har blitt nominerte eller blitt utnemnde til Ship of the Year. To andre vinnarar er subseaskipa 'Island Constructor' [4] og Seven Viking. [5]
Ei vidareføring av X-Bow-designet er X-STERN,[6] som er ei liknande løysing for akterenden, og som gjer at skipa kan ligge med enden mot vêret og halde posisjon. X-STERN er tildelt utmerkinga Next Generation Ship Award 2015 [7]
Det første skipet med X-STERN er offshore-vindservicefartøyet «Windea La Cour», som tilhøyrer BS Offshore og som opererer for Siemens på Gemini-vindfeltet utanfor Nederland.
Kjelder |
↑ «X Bow Hull Design vs Conventional Hull Design», Marine Insight
↑ «Trosser uvær og bedrer miljøet», Aftenposten
↑ «Skipsdesign ble årets ingeniørbragd 2005», Teknisk Ukeblad
↑ http://www.offshore.no/sak/22081_island_constructor_ble_hedret Offshore.no
↑ http://www.shipoftheyear.com/ship-of-the-year-2013/ms-seven-viking-elected-ship-of-the-year-2013/ Skipsrevyen
↑ http://www.tu.no/industri/2014/08/26/ulstein-med-x-bow-i-begge-ender Teknisk Ukeblad
↑ http://www.offshoreenergytoday.com/ulsteins-x-stern-wins-next-generation-ship-award
Bakgrunnsstoff |
- Ulstein Group